SV:_Høgt_volum_-_og_blod_på_hendene

Gudmund Valderhaug (gudmund.valderhaug@hordarkiv.hl.no)
Fri, 9 Apr 1999 10:05:23 +0200

Oddmund Garvik skriv: Bondevik har sjølvsagt ikkje blod på hendene. Han er
like lite general som redaktøren i Klassekampen er admiral. Er det så
vanskeleg å halda hovudet, ikkje nødvendigvis kaldt, men i det minste
klårt? Er det så vanskeleg å handtere språket?..

Bondevik har verkeleg blod på hendene. Dette uttrykket er ein metafor for
at han er medskuldig i at serbiske liv har gått tapt (og som vanleg krig er
det ikkje generalane, men vanlege folk som døyr). Eg kunne sjølvsagt ha
skrive at "Bondevik er ansvarleg for at liv går tapt..", men eg valde ei
anna form, i eit innlegg til eit diskusjonsforum.

KK opptrer på ein annan arena. Formuleringane i KK er uttrykk for politiske
val som får politiske konsekvensar. Når dei skriv at Bondevik må stillast
for krigsrett (ikkje riksrett!) så er det i beste fall pinleg.

Gudmund Valderhaug