Ope brev til AKP

Olav Randen (boksmia@online.no)
Tue, 2 Mar 1999 11:45:24 -0800

Ope brev til AKP
1. Om dette brevet og om meg
Eg som skriv dette , gjer det ut frå eit ønske om at vi skal ha ei
sjølvstendig og opposisjonell riks- og dagsavis i Noreg. Eg eller ektefellen
har abonnert på Klassekampen sidan starten, eg har skrive mykje der, med
nokre få unntak gratis, har gjennom åra verva mange abonnentar og selde før
avisa i laussal, men har ikkje aksjar eller andre eigarinteresser.
Eg er gammal AKP-ar som gleid ut av partiet ved ei flytting først på
80-talet. Seinare har eg funne det meir tenleg å drive politisk arbeid på
andre måtar, gjennom Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Nei til EU, Noregs Mållag
og andre organisasjonar. For det om eg gjorde "både rett og rangt" (Vømmøl)
i mi tid som AKP-ar, er det ikkje så mykje eg angrar på. Og eg meiner
framleis at dette samfunnet er tvers igjennom rote og må styrtast. Eg har
stor respekt for arbeidet til AKP også i seinare tid, men ikkje like stor
respekt for partiets evne til å analysere og fornye tenking.
Når eg opnar med desse linene om meg og mitt, er det ikkje fordi min ringe
person har synderleg interesse for andre, men fordi det at eg lever utanfor
dei tonegjevande intellektuelle og politiske miljøa her i landet, kanskje
verkar med til at eg tenkjer annleis i somme spørsmål enn dei fleste
aktørane rundt Klassekampen si framtid. Det gjeld på to måtar: For det
første at det i dei miljøa eg vankar, finst ein heil skokk med folk som
kunne tenkje seg å abonnere på ei informativ og sjølvstendig, opposisjonell
avis. For det andre at folk ikkje er anti-kommunistar eller anti-ml-arar.
Desse anti-holdningane lever stort sett i nokre få etablerte, politiske og
intellektuelle miljø. Den som les resten av dette brevet, vil finne ut
kvifor eg meiner dette siste er verdt å nemne.
Eg sender brevet berre til Klassekampen-forum. Om ikkje andre er samde og
fører ideane vidare, blir det inga forandring, og då har det ikkje noko for
seg å stå på for dette for meg heller.

2. Det går ikkje bra med Klassekampen
Dei tala som er lagde fram og den utviklinga eg ser i avisa, gir meg
grunnlag for å tru at ho syng på nestsiste eller kanskje siste verset som
dagsavis. I januar skreiv disponent og styreleiar at avisa gjekk med 200.000
kroner i underskot i månaden. Redaktøren opplyste nyleg om ein auke på
nesten 400 abonnentar. Om vi reknar med a) at kvar einaste av desse blir
årsabonnentar, b) at kvar gir ei nettoinntekt på 2,000 kroner året
(abonnementsinntekt fråtrekt trykkjekostnad, porto og kampanjekostnader, men
lagt til auka pressestøtte fordi opplaget aukar), vil dei altså redusere
månadsunderskotet med ein tredel, frå 200,000 til 133,000. Underskotet vil
altså i så fall bli vel halvannan million på eit år. Gunstigast mogeleg
rekna og før redusert pressestøtte.
Hovudproblemet er etter mitt skjøn ikkje dårleg verving eller reaksjonar
etter redaktørskiftet halvtanna år sia og heller ikkje nedgang i
pressestøtta, men at abonnentpotensialet for ei avis med den kvaliteten og
innrettinga Klassekampen har, truleg ikkje er større enn 5-7000.
Redaktør Michelet utviklar ideologi om dette, om det heroiske ved å vere
liten og stå på i ulvetider for avisdrift. Og kanskje er det heroisk. Men
viktigare enn om det er heroisk, er det om det er klokt. Det handlar resten
av dette brevet om.
Sjølvsagt kan eg ta feil i nedleggingsspådommen. Eg har registrert at fleire
folk eg har tillit til i og rundt avisa meiner det. Men så langt har eg
ikkje sett andre analysar av bedriftsøkonomien enn dei disponent/styreleiar
har lagt fram.

3. Ei anna tid
Om vi jamfører med 70- og til ein viss grad 80-åra, har mykje endra seg i
det vi kan kalle tidsånda.
For det første er framtidsoptimismen hos folk borte. I 70-åra trudde folk
flest at framtida ville bli betre enn dåtida, med lengre levealder, mindre
arbeidsløyse og betre levekår. Om 20 år skal ingen behøve gå svolten til
sengs, sa Henry Kissinger på Verdas Matvarekonferanse i 1974. Han tok berre
860 millionar menneske feil. Endå så seint som då Berlin-muren vart riven i
1989, jubla folk fordi dei trudde folk skulle få det betre i Aust-Europa. No
er det massesvolt i vårt naboland Russland og levealder for menn langt under
60 år. No trur folk flest, også i vårt land, at framtida truleg blir verre
enn notida. Problemet er ikkje at vi ikkje vil gjere noko med det, men vi
veit ikkje heilt kva vi skal gjere.
For det andre, og i tråd med dette, blir media meir einsretta. Særleg viktig
er det at djupdebattar blir haldne unna folk. Eit tiår eller to eller tre
sidan kunne spørsmål om rettferdig verdsordning eller om fundamentale
naturøydeleggingar eller om krig og fred framleis vere aktuelle debattema.
Det er slutt. No handlar alt om regjeringstaburettar og om kjendisar og om
underliv.
For det tredje har ideen om revolusjon etter sovjetisk/kinesisk mønster
dotte i hop. Mange ønskjer grunnleggjande omveltningar, men knapt nokon vil
ha ei reprise på desse revolusjonane i dag.
For det fjerde er det blant folk ei famling etter andre verdiar, andre
kunnskapar og nye svar. Dette er det lovande trekket ved samfunn av vårt
slag rundt årtusenskiftet. Men det finst i samfunnet svært lite som
inspirerer og hjelper fram denne leitinga.
I kombinasjon gjer desse endringane i tidsånda at oppgåva for alle oss som
ønskjer å arbeide for ei betre framtid, ikkje blir å gi dei rette svara for
å utvikle eliten (fordi vi ikkje har svara), men å stille dei vanskelege
spørsmåla og gi informasjon og slik bidra til ei mangslungen tenking og
utvikling av svar blant massane.
Det har ofte undra meg at folk ikkje legg dette perspektivet til grunn når
dei vurderer Klassekampen. Dei vurderer avisa ut frå om ho pleiar deira
private interesser og informasjonsbehov og ikkje ut frå den mange gonger
viktigare oppgåva å endre folks tenking.

4. NYAVIS kunne
- setje vesentlege spørsmål på dagsorden,
- gi innsyn og samanhengar i vidareføring av norsk folkeopplysningstradisjon
og med det ruste opp folk til å bli politiske aktørar,
- gi famlinga etter nye løysingar driv framover.
Men kan ikkje Klassekampen også løyse desse oppgåvene? Problema er tre, at
Klassekampen er knytt til og vidarefører ein tradisjon med å gi sine
skråsikre og moralske svar, at Klassekampen er for isolert (her braut
redaksjonsskiftet med ei positiv utvikling) og at Klassekampen er for dårleg
og lettvint (ikkje ut frå føresetnadene med ein liten redaksjon og eit lite
budsjett, men ut frå dei oppgåvene vi står framfor). Desse problema i
kombinasjon gjer at det er lite sannsynleg at avisa med sin noverande profil
og sitt noverande eigarskap kan rustast opp til å bli ein viktig politisk
aktør. Det må altså tenkjast nytt og annleis.

5. Litt meir om potensialet
Med Nationen som eit halvhjarta unntak er alle norske riksaviser like mykje
hovudstadsaviser som riksaviser. Dekninga av hendingar andre stader i landet
er liten. Men fordi folk landet rundt har behov for å abonnere på ei
riksdekkjande avis attåt lokalavisa og er interesserte i det som skjer andre
stader, vil potensialet for ei reell riksavis, også om ho er noko meir
venstrevridd enn det folk oppfattar seg sjølve som, vere stort.
Eit anna tomrom gjeld miljøstoff. For å følgje med i miljøpolitikk må vi
stort sett hente informasjon utanfor landegrensene. Sjølv abonnerer eg på
danske Information og les diverse internettsider (Worldwatch, FAO, The
Guardian og fleire), norsk dekning av miljøhendingar, miljøanalysar og
miljøpolitikk står langt attende. Men ønsket om å bli informert er til
stades hos svært mange.
Eg er ikkje skråsikker på at andre opplever det like eins, men eg trur også
fokuseringa på populærkulturen i hovudstaden, ved A-4-omtaler av dei fleste
nye teaterstykke og filmar og utstillingar og bøker og portrettintervju med
den eine kunstnaren etter den andre om liv og kunst og banalitetar, står i
vegen for innpass hos vanlege folk. Ikkje så å forstå at kulturstoff er
uinteressant, langt derifrå, men det blir så uendeleg mykje og så uendeleg
likt i alle media.

6. Om AKP i NYAVIS
Det er langt ifrå lett å starte ei ny avis. Utan røynslene frå og apparatet
til Klassekampen/AKP vil det neppe lykkast. Difor sit AKP med ein nøkkel.
Difor kan også AKP stille krav om respekt og eit stykke på veg om særrettar
(til dømes overføring av redaksjonsstab og redaktør om personane det gjeld,
ønsker det) i det nye prosjektet.
Det finst blant somme på den såkalla venstre-sida i Noreg eit ønske om
oppgjer med og kanskje hemn over AKP. Ikkje særleg utbreidd, men det er til
stades. Den andre varianten, at det å halde AKP ute er ein føresetnad for
framgang i politisk arbeid, er etter mine røynsler ikkje levande anna i
overvintra politiske miljø frå 70-talet.
Det finst også blant AKP-arar ei haldning (som er noko reell og noko
paranoid, det avheng av kva for miljø) om at alle andre er ute etter dei.
Denne haldninga gjer at somme AKP-arar, særleg i hovudstadsmiljøet og i
samarbeid med gamle politiske miljø, tenkjer som så at om dei gir frå seg
veslefingen, tek dei andre heile handa. Dei ser altså fiendar over alt.
Truleg forklarar denne redsla for andre folk og tankar mykje av det som
skjedde rundt redaksjonsskiftet hausten -97. Synsmåtane fremjar
isolasjonisme og samtidig den sjølvheroiserande tenkinga som finn seg
kraftuttrykk som at vi skal stå på til the bitter end, at om vi går ned,
skal det vere med flagget til topps og liknande om den stolte og ubøyelege i
si einsemd.
Dette gjer at mange AKP-arar og -sympatisørar klamrar seg til Klassekampen i
si tradisjonelle og noverande form. Med skepsisen mot omverda i bakhovudet
blir Klassekampen på eitt vis det som står att av deira livsverk. Om
Klassekampen går inn, har livsverket vore fånyttes. Draumen om revolusjon
datt i hop, partiet datt i hop - men Klassekampen skal leve vidare!! Altså
blir oppgåva å halde fast ved det beståande avisproduktet.
Dette er forståeleg tenking og forståeleg handling, eg meiner ikkje anna.
Men det er samtidig ei tenking som har noko av sin bakgrunn i at andre på
venstresida i liten grad har analysert og drege fram dei verdiane AKP og
Klassekampen har tilført alternativ tenking og politisk arbeid i Noreg og
difor er medansvarlege for at skiljelinene altfor ofte blir dregne mellom
AKP og andre.

7. Konklusjonar
Inn i det nye tusenåret trengst ei skarp, informativ riksavis. Ein
føresetnad for at arbeidet med ei slik avis kan lykkast, er at
Klassekampen/AKP er villig til å gå inn i prosjektet. Det igjen krev at
andre aktørar er villige til å sjå Klassekampen/AKP som sentrale delar av
prosjektet med krav på visse særrettar.
Jorun Gulbrandsen, Erik Ness, Rolf Rynning Hansen og de andre i AKP bør
spørje: Finst det viktigare ting partiet kan utrette for det norske folket i
åra frametter enn å vere med og dra i gang dette nye prosjektet? Er ikkje
dette å føre arbeidet frå 60- og 70- og 80-talet vidare i eit nytt tusenår
på måtar som driv klassekampen framover, der AKP og partiarbeidet blir ein
del av ein tradisjon og ikkje ein kortvarig visitt i Noreg.
Og de må spørje: Kva er det sannsynlege alternativet? Etter mitt skjøn er
det ei nedtrapping av avisa Klassekampen til stadig færre abonnentar og
truleg vekeavis og ei partiutvikling ikkje ulik den NKP var gjennom på
60-talet.

Beste helsing Olav Randen