Re: Ikke bare idioter i Norden... ?

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 23 Dec 1998 15:11:31 +0100

Trond Andresen wrote:
(klipp)
http://www.aftenposten.no/nyheter/okonomi/d61308.htm
> >Store annonserer bruker Norden som testmarked
(klipp)
> >
> > Overfor Aftenposten utdyper informasjonssjef Jeanette Ehrnroth
> > styreformannens signaler på denne måten:
> >
> > - Skandinavia er en trendsetter. Det som i dag skjer blant forbrukerne her,
> > kommer til resten av Europa i morgen. Derfor ønsker vi å teste ut nye
> > reklamekonsepter her, før de eventuelt blir tatt i bruk på andre deler av
> > kontinentet.

Vanlegvis høyrer vi at nordmenn er så trege og heng etter alle andre i
den store Utviklinga, vi vil ikkje vere med i Den Fredsskapande Unionen
saman med Alle Andre, og knapt nok godta litt salmonellainfisert kjøt.
Så kjem det ein trendekspert (?) og slår fast at vi er trendsetjarar!
(Det står rett nok Norden og Skandinavia, men det kan vi sjå stort på,
ikkje sant, Karsten?)

Frå no av går alt rette vegen. No skal Nei til EU og Euro-bevegelsen
utarbeide eit nytt konsept saman med Procter & Gamble og Saatchi &
Saatchi. Snart er det ikkje lenger spørsmål om Noreg skal vere med i EU,
men om EU kan få bli med i Noreg!

Dette må vi feire heile jula!!!!

Lars Staurset