Meir om berekraft

Olav Randen (boksmia@online.no)
Sun, 6 Dec 1998 19:18:37 -0800

Eg siterte dette:
"Det å leggje tanken om fornying av naturen til grunn, inneber at vi ikkje
tek meir ut av naturen enn han kan
byggje opp att og vi fører attende til han. Det inneber at vi ikkje tappar
ut meir fossilt brensel på eitt år enn
naturen byggjer opp på ny. Det inneber at vi ikkje utset meir matjord for
erosjon enn den matjorda som blir bygt
opp gjennom rotning av biologisk materiale. Det inneber at vi ikkje hentar
meir vatn ut or grunnvassbassenga
enn dei blir tilførde av nytt regnvatn. Det inneber at vi ikkje tappar
matjorda for meir næringsstoff enn ho får
nytt. Det inneber at vi ikkje utryddar fleire dyre- og planteslag enn det
blir skapt nye. Det inneber at vi ikkje
slepper meir karbon ut i atmosfæren enn naturen bind av karbondioksid ved ny
plantevekst."
Knut Johansen innvender 1) at vi ikkje veit noko om kor mykje fossilt
brensel naturen byggjer opp på eit år, og
2) at vi så å seie er utan innsikt i kor hyppig nye artar oppstår.
Dette har han rett i. Eg har likevel vanskar med å forstå innvendingane.
Eller kanskje med å forstå at dei er
innvendingar.
I forholdet til naturen er det svært mykje vi ikkje veit og ikkje kan
kvantifisere. Vi kjenner ikkje omfanget av
resistens mot antibiotika og veit lite om korleis slik resistens spreier
seg. Vi veit lite om korleis gen blir endra
eller erstatta av andre. Vi veit ikkje eller svært lite om korleis liv
oppstår og kan ikkje konstruere liv. Vi er ikkje i
stand til å påverke fotosyntesen og veit knapt nok korleis han går føre seg.
Vi veit lite om langtidsverknadene av
forureinsinga av luft, hav og jord. Vi veit ikkje om jorda er tømt for "
drivverdig" fossilt brensel om femti år eller
hundre år eller kanskje ikkje før om to hundre år. Og så vidare. Vi veit i
det heile ynkeleg lite om naturen.
Kva så? Dilemmaet er at trass i manglande kunnskap har homo sapiens verkty
for å bryte ned eller kanskje bryte
ned mykje av naturen. Difor er det slik for oss som vil at Tellus skal vere
til å bu på også om tusen år og om ein
milliard år, at vi må utforme prinsipp for handling også der vi manglar
innsyn og der vi ikkje kan kvantifisere.
Det å seie at vi ikkje skal bruke meir fossilt brensel enn det naturen kan
byggje opp att, er eit forsøk på å utforme
eit slikt prinsipp. I dette ligg sjølvsagt også ei føre var-tenking som
seier at vi sjølvsagt kan bruke mindre.
Så altså, Knut Johansen: Eg trur vi er samde om at målet er å forvalte
naturen slik at han blir til å bu i om tusen
år og om ein milliard år. Men difor står også du overfor det vanskelege
spørsmålet om kor mykje fossilt brensel
menneskeheita kan bruke. Så eg er spent på om du har andre svar.