Gammal e-post dukkar opp att

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Tue, 01 Dec 1998 10:07:07 +0100

Dersom nokon av dykk fekk eit språkdebatt-innlegg frå meg via KK-forum i
går, så er det ikkje fordi eg prøver å starte den debatten på nytt, men
fordi e-post-tenaren til Netscape er for dårleg.

4.9.1998 kl. 8.39 sende eg eit innlegg i den pågåande språkdebatten på
KK-forum, under tittelen "Re: Er det vanskeleg å lære eit vanskeleg
skriftspråk?" Det kom tydelegvis ikkje fram til forumet, så eg sende det
på nytt seinare på dagen.

I går viste det seg at det opphavlege innlegget, saman med ein del annan
e-post, låg att på postkontoret statkart.no. Alt (?) vart sendt ut i
samband med omstart på ein datamaskin i helga. Innlegget er no kome på
Veven til KK-forum
(http://www.itk.ntnu.no/ansatte/Andresen_Trond/kk-f/fra040998/0258.html), og
minst ein abonnent (ikkje eg) har fått det i postkassa.

Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko: Eg har fått hyggelege brev
frå nokre som har undra seg over gammal e-post frå meg. :-)

Helsing Lars Staurset
(som no blir borte frå e-post og Internett eit par veker)