GRØN_FRAMTID

Olav Randen (boksmia@online.no)
Tue, 1 Dec 1998 13:55:24 -0800

This is a multi-part message in MIME format.

------=_NextPart_000_0027_01BE1D32.3E36C660
Content-Type: text/plain;
charset="iso-8859-1"
Content-Transfer-Encoding: quoted-printable

Eg kjenner ikkje reglane så nøye, og kanskje vil listeadministrator seie at dette er meir reklame enn
debattinnlegg og ekskludere meg frå lista. Men det får våge seg. Eg forsvarar meg med at eg, som driv eit lite bokforlag attåt
garden og så langt har gitt ut fem bøker, ikkje har gitt ut
GRØN FRAMTID for å tene pengar på boka og ikkje kjem til å gjere det, men fordi boka er viktig.
GRØN FRAMTID er utarbeidd av økologiseringsutvalet i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Det er, trur eg
iallfall, første gongen i nyare tid at ein norsk fagorganisasjon tek naturens rammer på alvor og seier det er dette
og korkje politiske langtidsprogram eller WTO-ordningar eller EØS-reglar som må styre politikk og produksjon
framover. Boka skisserer desse oppgåvene
a) Vi må produsere mat til dei 10-12 milliardane innbyggjarar Moder jord vil ha om 100 år.
b) Vi i Noreg må ta vår del av ansvaret for dette og ikkje snylte på andre og difor planleggje matproduksjon for
6-8 millionar menneske, og
c) Produksjonen må foregå på måtar som held ved like og ikkje bryt ned naturen.
GRØN FRAMTID viser retninga og at det er mogeleg å nå desse målsetjingane. Men det krev vilje til å
tenkje og handle annleis.
Så spørst det om til dømes miljøet rundt Klassekampen, AKP og Raud Ungdom har vilje til å tenkje og handle
annleis og delta aktivt i den debatten om natur og samfunnssystem som boka og Norsk Bonde- og Småbrukarlag
legg opp til.
Boka kan de bestille for 190 kroner + sendekostnader frå mi e-post-adresse. Eller bestille henne i ein bokhandel.

------=_NextPart_000_0027_01BE1D32.3E36C660
Content-Type: text/html;
charset="iso-8859-1"
Content-Transfer-Encoding: quoted-printable

<!DOCTYPE HTML PUBLIC "-//W3C//DTD W3 HTML//EN">


Eg kjenner ikkje reglane så nøye, og kanskje vil listeadministrator seie at dette er meir reklame enn
debattinnlegg og ekskludere meg frå lista. Men det får våge seg. Eg forsvarar meg med at eg, som driv eit lite bokforlag attåt
garden og så langt har gitt ut fem bøker, ikkje har gitt ut
GRØN FRAMTID for å tene pengar på boka og ikkje kjem til å gjere det, men fordi boka er viktig.
GRØN FRAMTID er utarbeidd av økologiseringsutvalet i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Det er, trur eg
iallfall, første gongen i nyare tid at ein norsk fagorganisasjon tek naturens rammer på alvor og seier det er dette
og korkje politiske langtidsprogram eller WTO-ordningar eller EØS-reglar som må styre politikk og produksjon
framover. Boka skisserer desse oppgåvene
a) Vi må produsere mat til dei 10-12 milliardane innbyggjarar Moder jord vil ha om 100 år.
b) Vi i Noreg må ta vår del av ansvaret for dette og ikkje snylte på andre og difor planleggje matproduksjon for
6-8 millionar menneske, og
c) Produksjonen må foregå på måtar som held ved like og ikkje bryt ned naturen.
GRØN FRAMTID viser retninga og at det er mogeleg å nå desse målsetjingane. Men det krev vilje til å
tenkje og handle annleis.
Så spørst det om til dømes miljøet rundt Klassekampen, AKP og Raud Ungdom har vilje til å tenkje og handle
annleis og delta aktivt i den debatten om natur og samfunnssystem som boka og Norsk Bonde- og Småbrukarlag
legg opp til.
Boka kan de bestille for 190 kroner + sendekostnader frå mi e-post-adresse. Eller bestille henne i ein bokhandel.
------=_NextPart_000_0027_01BE1D32.3E36C660--