Re: Svar til Trond A. om EU

Paal Hellesnes (paal@feskar.net)
Mon, 16 Nov 1998 12:44:12 +0100 (CET)

Eg har ikkje no tida til å ta opp alle spørsmåla KVJ reiser i dette
innlegget, men vil her berre henga meg opp i ein ting. KVJ skriv m.a:
"Hva som skjer i Sverige, Danmark, Tyskland raker folk en høstblomst, og
nå mer en noensinne, enda økonomiene i disse land aldri har vært mer
sammenflettet med den norske enn nå. Klassekampen har gjort folk til
professorer i Afghanistan, Somalia osv. Hvilken verden lever folk i?"

Dette er vel ein arv frå det velkjente 70-talet att, tenkjer eg. Som kjent
har store deler av den revolusjonære venstresida (eit omgrep KVJ ikkje vil
nytta, men som eg finn nyttig) sett på opprøra i den 3. verda som ekstremt
viktig i kampen mot kapitalismen. Dette er sikkert velkjent stoff for
mange av dykk.

Samstundes meiner eg at KVJ er ein smule urettferdig. I den organisasjonen
eg har meist røynsle frå - Raud Ungdom, har vi så lenge eg har vore med
pleid kontaktar med ungdomsrørsler i både Danmark og Sverige (Dansk RU og
RKU i Sverige) Dette er kontaktar som har vore lererike, og har vore til
hjelp for nett det å løfta blikket utover eigne grenser. Sjølvsagt er vi
ikkje samde med dei i alt, men det skulle berre mangle. Dette vert
sjølvsagt berre eit døme, men eg meiner at situasjonen ikkje er så
heilsvart som KVJ vil ha det til.

Revolusjonære parti og organisasjonar har alltid små ressursar, både
økonomisk og menneskeleg, samanlikna med dei borgarlege. Dermed vert det
naudsynt å prioritera. Eg meiner at prioriteringa av å halda seg oppdatert
UTAFOR den "vestlege" sfæren har vbore heilt rett: Dette er område og folk
som ALDRI vert omtala korkje i media eller i politiske samanhenger med
mindre det er snakk om sultkatastrofar eller krig. Dette er viktig for å
halda oppe den sterke rasistiske grunnhaldninga i "vesten" som umogleggjer
at vi kan sjå på folk i Somalia, Bangladesh e.l. som anna enn lidande
offer eller gale krigerske slaktarar. Det fokuset KVJ kritiserer har etter
mitt syn nett vore freistnadar på motgift mot denne massive propagandaen.
Sjølvsagt bør vi og halda oss orienterte og skaffa oss informasjon om den
imperialistiske delen av verda, og nabolanda våre og, men vi har eit
ansvar for nett det å sjå ut over desse områda og.

Paal Hellesnes
Personsoekar: 96 84 78 06
Finger paal@feskar.net for PGP-nøkkel