Tre forslag til Klassekampen

Olav Randen (boksmia@online.no)
Fri, 6 Nov 1998 14:01:11 -0800

This is a multi-part message in MIME format.

------=_NextPart_000_0006_01BE098D.E8FD36A0
Content-Type: text/plain;
charset="iso-8859-1"
Content-Transfer-Encoding: quoted-printable

Slik det ser ut frå ei fjellbygd i Hallingdal denne kalde seinhaustdagen, går det ikkje særleg bra med Klassekampen. Hovudproblemet er innhaldet. Når eg prøver å tenkje attende på artiklar eg minnest frå dei siste månadene, er det lite, og eg trur det har meir å gjere med at det er lite å minnast enn det har å gjere med mitt skrøpelege minne.

Det gjekk bra med aksjesalet, langt betre enn eg hadde trudd. Så eg er open for at det er eg som tek feil. Men kapitalinnsprøytinga har altså etter mitt skjøn så langt ikkje ført til betring av innhaldet.

Om det går bra eller dårleg med opplaget, veit eg ikkje, for avisa oppgir ikkje tal. Andre aviser har skrive at opplaget er på rundt 7.000. Om det er rett, vil det seie at abonnentvervinga langt ifrå fyller opp holet i tap av gamle abonnentar.

Eit drygt år etter mannskapsbytet i Klassekampen kan vi konkludere med at regimeskiftet i hovudsak var ein palassrevolusjon og ikkje ei politisk endring. Ikkje alt er det same under Michelet som under Bjerke, somt er dårlegare og somt er betre. Meir uvøren og mindre profesjonell journalistisk. Meir aggressiv og mindre analytisk. Men i grove trekk er avisa den same.

Difor meiner eg vi treng ein omgang til. Ikkje ein opprivande debatt med krav om ny hovudrulling, men eit ordskifte om kva endringar i innhald og tenking som må til for å nå dei måla både dei som kravde redaktørskifte og dei som ikkje kravde det i fjor var samde om, ei meir aktiv, pågåande, analytisk og mangsidig avis. Eg har tre forslag til tiltak, og som radikalar meiner eg avisa bør gå radikalt til verks, også mot eiga tenking og eigen praksis:

For det første: LA KULTUR OG MILJØ BYTE PLASS. Altså slik at miljøstoffet får om lag like stor plass, like mange journalistar og like stor merksemd som kulturstoffet har i dag og kulturstoffet like mykje som miljøstoffet har.

Dette av tre grunnar:

Den første grunnen er politisk: Det største problemet denne kloden står overfor, er forringinga av miljøet, med for lite mat og for mykje folk, global oppvarming, forørkning, skogdød, fiskedød, utrydding av artar, spreiing av skadeorganismar med meir. Og det finst ingen stad å flytte.

Den andre grunnen er meir triviell og økonomisk: Ingen skriv om dette. Iallfall ikkje dagsaviser og iallfall ikkje med vilje til å gå bak overflata og spørje kven som tener på forureininga. Når målet for Klassekampen er å overleve, vil miljøstoff vere ei viktig nyvinning.

Den tredje grunnen er også politisk, men gjeld kulturen. Klassekampen og den norske venstresida er ikkje i stand til å analysere kultur på eigne måtar. I all hovudsak er stoffet av same slaget som i andre aviser, med den grunntanken at større kvantum kultur er bra for lesarane og at dei difor må bli kjende med han. Slik har det vore dei siste femten åra, og eg har lita tru på at dette vil endrast dei første åra.

Det andre forslaget mitt til endring av Klassekampen er å SKAFFE SEG MEDARBEIDARAR UTANFOR OSLO. Av den lange lista over medarbeidarar og e-post-adresser som no tek plass i kvart einaste nummer og syner at avisa har meir spalteplass enn stoff, finn eg at ho har vel 40 tilsette i Oslo og ei i Bergen. Viktigare enn dette er den Oslo-dominerte tenkinga. Eg såg nyleg avisa averterte etter journalistar, tilset folk eller engasjer frilansarar andre stader i landet.

Kvifor er dette viktig? Fordi opprøret eller opprøra i Noreg neppe vil starte i Oslo. Dei vil starte i Berlevåg eller Ålesund eller Egersund eller Tolga og kanskje dra hovudstaden med seg. Oslo er altså, for å skrive det tydeleg, ein politisk tilbakeståande del av landet. Og det er uklok politikk for ei opprørsk avis å leggje hovudvekta på dei områda med den mest avleggse tenkinga.

La oss stille konkrete mål som aksjeeigarane kan ta med seg på neste generalforsamling: Om to år skal halvdelen av arbeidsplassane vere utanfor Oslo. Og når Trøndelagsfylka har rundt 9 % av innbyggjarane og dei tre nordlegaste fylka 10 %, skal dei også ha om lag den same prosentdelen av det norske stoffet.

Det tredje forslaget er å SPELE MED OPNE KORT. Klassekampen er ei spesiell avis som er avhengig av lesarane, poengterer avisa gong på gong. Og med rette. Men då bør også lesarane informerast. For vi lesarar er, same om vi var for eller mot redaktørskiftet i fjor, avisas vener. Vi utgjer intellektuelle ressursar, og med informasjon kan det tenkjast både at vi kan kome med fornuftige innspel og at vi kan mobilisere eige og andre sitt engasjement for avisa. Altså: Kor mange kjøpte nye aksjar i utvidinga? Var det ei reell maktspreiing, eller var det sentrale og velståande AKP-arar som kjøpte store aksjepostar for å sikre at AKP ikkje sit att med 49,9 % eller kva det var, men framleis har eit stort fleirtal av aksjane? Kva er opplaget no? Går det opp eller ned? Korleis tolkar avisleiinga oppslutninga om verveaksjonen? Kvifor har det kome så lite ut av planane om å mobilisere aktivistar for avisa?

Det er, for å bruke ei jamføring redaktøren forstår, om lag som å opplyse om dei måla favorittlaget scorar og ikkje dei måla laget slepper inn i ein fotballkamp.

På tampen av eit innlegg kan ein undrast: Var no denne arbeidsøkta og dette innlegget bryet verdt? For eigentleg har eg lita tru på at Klassekampen-redaktøren eller aviseigarane vil prøve å tenkje annleis. Altså at radikalismen, viljen til å snu opp ned på ting, også gjeld eiga tenking og eigen praksis.

Vil dei i staden forsvare seg og argumentere for

1.. at kultur har ein svært stor plass og miljø ein liten plass i avisa,
2.. at Oslo har ein stor plass og resten av landet ein liten plass i avisa, og
3.. at dei held viktig informasjon om opplag og slike ting unna Klassekampens vener?
Nei, eg trur ikkje det heller. Eg trur dei vel den enklaste løysinga, å teie.

Olav Randen

------=_NextPart_000_0006_01BE098D.E8FD36A0
Content-Type: text/html;
charset="iso-8859-1"
Content-Transfer-Encoding: quoted-printable

<!DOCTYPE HTML PUBLIC "-//W3C//DTD W3 HTML//EN">

  1. at kultur har ein svært stor plass og miljø ein liten plass i avisa,
  2. at Oslo har ein stor plass og resten av landet ein liten plass i avisa, og
  3. at dei held viktig informasjon om opplag og slike ting unna Klassekampens vener?

Nei, eg trur ikkje det heller. Eg trur dei vel den enklaste løysinga, å teie.

Olav Randen

------=_NextPart_000_0006_01BE098D.E8FD36A0--