Re: Trygg mat-alliansen om fiskeeksporten

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Fri, 06 Nov 1998 11:46:22 +0100

Oddmund Garvik wrote:
>
> Lars Staurset:
>
> >Trygg mat-alliansen i Møre og Romsdal sender no brev til alle
> >stortingsrepresentantane med informasjon om fiskeeksporten. Alle kan
> >lese brevet på ...
>
> Kvifor bruke energi på dette? Veterinæravtalen kjem til å bli vedtatt i
> Stortinget. Det er på høg tid å bla om til neste side.

Det får vi sjå på. Akkurat no har motstanden vind i segla, og det må vi
utnytte.

> Heile dette spørsmålet er dessutan ei sak for dei rike. Eit overveldande
> fleirtal av menneska i verda har andre bekymringar: få seg mat i det heile
> teke, overleve.

Og kva så? Vi ber ikkje dei fattige om hjelp i denne saka. Det hjelper
heller ikkje dei noko om nordmenn blir meir sjuke.

> Har ein budd i den tredje verda ei stund, og dreg attende til det rike
> opphavet sitt, blir ein slått av dei skrikande kontrastane, i det minste om
> ein har observasjonsevne, og er nokolunde sanseleg. Perspektivet blir eit
> heilt anna.

Sikkert. Eg går ut frå at du bruker fritida di på å krevje rettferd for
den tredje verda. Hald fram med det, der har du mi fulle støtte.

> Denne "venstresida" som heng seg på alle slags populære, "nære" merkesaker,
> og brukar energien sin på å pønske ut juridisk og "folkerettsleg"
> fiksfakseri for å forsvare nasjonale særinteresser, har mist sansen for
> proporsjonane.

Det går an å ha fleire tankar i hovudet samstundes.

> Det er nesten grotesk no like etter at "Mitch" raserte livet til titusental
> av menneske. "Verdssamfunnet" sit berre og glanar, særleg verdssheriffen,
> som elles aldri har lagt band på seg for å gripe inn i Mellom-Amerika.
> Verdssheriffen har meir sut for korleis han skal klara å stable på beina
> ein ny militærstyrke til den persiske golfen. FN treng ein ikkje ein gong
> nemne...

Kva har dette med Mitch-offera å gjere?

Lars Staurset

(grundigare svar har eg ikkje tid til no)