Re: SV: mer om EØS mm.

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Mon, 02 Nov 1998 13:31:01 +0100

Magnus Marsdal wrote:
>
> KORRIGERT VERSJON:
>
> Eg er i utgangspunktet gansk samde med Andresen i denne saka. Men eg vil berre nemna at det er SIKKERT slik at også Fihandelsavtalakan bli sagt opp, frå EU si side.

Dette er ein smule uklårt, og Magnus burde nok ha teke seg tid til å
lage endå ein korrigert versjon. Sannsynlegvis meiner han at også
frihandelsavtalen *kan* bli sagt opp frå EU si side. Det er sjølvsagt
rett. Men hugs at også EU er interessert i tollfri tilgang for varene
sine til Noreg, som er ein liten, men relativt kjøpekraftig marknad.

> Dermed kan Ja-makta, dersom kravet om EØS-utmelding blir brutalt sterkt, syta for at EU/EU-landa melder at "deltakelse i det indre marked forutsetter en integrering som bla, bla, og at EU vil betraktet det som svært uheldig med en reversering av bla bla, og at det trolig ikke vil være mulig å oppnå et flertall i EU for å opprettholde Norges tollfrie markedsadgang dersom Norge skulle bryte samarbeidet om å utvikle et integerert Indre Marked med både rettigheter og forpliktelser..."
>
> Altså: Med hjelp av mediehorene (journalistane) i Akersgata og på Marienlyst kan ein truleg skapa eit bilete av situasjonen der det synast klårt at "Norge vil stå på bar bakke og må reforhandle retten til å eksportere varer tollfritt inn i EU" dersom EØS blir sagt opp.

Utvilsamt vil ja-makta og mediehorene deira framstille det slik.

Men: snakkar vi om ein framtidig situasjon der eit krav om oppseiing
verkeleg trugar EØS-avtalen, så snakkar vi også om eit politisk drama i
norsk målestokk, nærast eit opprør (NB: ikkje les: revolusjon). Noko
mindre duger ikkje til å slå seg gjennom det politisk/økonomiske loket
over avtalen. Bakgrunnen kan vere at EØS har gjort stor og udiskutabel
skade på arbeidsplassar, folkehelse, oljeinntekt eller noko anna vi har
kjært, og at folk er forbanna.

I ein slik situasjon kan maktapparatet vere i ubalanse og kanskje sjå
seg tent med eit tilbaketog. Det kan f.eks. gå ut på å setje delar av
EØS-avtalen mellombels ut av kraft, for så å forhandle med EU om
endringar. Kor djupe endringane blir, kjem sjølvsagt an på situasjonen.
Det kan jo vere folkeleg uro også i EU sjølv, og alliansar kan oppstå på
kryss og tvers.

Kor sannsynleg eit slikt scenario er, er ei sak for seg. Det finst som
kjent også ein annan veg ut av EØS-avtalen, nemleg fullt medlemskap i
unionen. Dessutan har vi både WTO og MAI (i ei eller anna form) hengande
over oss.

Lars Staurset