Re: Anti-rasister og kampen for demokrati

Magnus Marsdal (marsdal@feskar.net)
Sun, 22 Jun 1997 17:41:12 +0000

her må eg seia meg usamd med kamerat david:

> Det er eit overveldande stort fleirtal i Raud Ungdom som meiner det
> galt å nytta vald i den antirasistiske kampen. Du kan lese meir om
> kva RU meiner på http://www.raud.ungdom.org.
>
>

Eg meiner det ikkje er rett å hevda at fleirtalet i Raud Ungdom er
mot all bruk av vald i antirasismen. Valdsnazistar må konfronterast, også fysisk,
dette er det ganske brei semje om trur eg.

Men det er heilt rett som david skriv at RU er den organisasjonen som
freistar å vinna fram for ein usekterisk praksis på demonstrasjonar,
og som ynskjer å motarbeida det vi oppfattar som valdsromantisk og
korttenkt macho-framferd i antirasismen. Og det er RU som gjer dette
I PRAKSIS, på gata og i diskusjonar med dei andre miljøa som er
aktive i den antirasistiske demonstrasjons-kulturen. I dette,
ekstremt viktige, arbeidet saknar vi RVarar, SUarar og mange
andre progressive, som heller enn å sitja i sofaen og stønna over
demonstrasjonar dei ser på TV og ikkje likar, bør ta aktivt del i
ordskifta og (for dei som bur slik til) i sjølve demonstrasjonane.

Antirasistisk helsing

Magnus Marsdal

sentralstyret i Raud Ungdom
--- P t o t h e P ---