Nei til EU-strategi, del 1

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Thu, 19 Jun 1997 19:09:36 +0200

Plutseleg har vi fått ein EU-debatt med mange innlegg på eit par dagar her på
forumet. Fint! Eg skulle ha vore med før, men må gjere unna noko arbeid som
hastar for Nei til EU , så dette blir skrive innimellom.

Det starta med at Solveig Mikkelsen refererte analysar frå Per Vassbotn i
Dagbladet og Paul Bjerke i KK. Eg trur alle tre har stort sett rett, kvar på
sine premissar.

Vassbotn argumenterer slik som ja-sida kjem til å gjere framover. Han har
problem med å forklåre kvifor ordet "snikinnmelding" ikkje passar, men ellers
har han rett. Som Mikkelsen uttrykker det:
>Hva skjer den dagen Regjeringa har greid å EU-klone Norge slik at det er
>vanskelig å vise hva som er forskjellen på et medlemskap og et
>ikke-medlemskap? Hva har EU-motstanderne da å stille opp med mot det
>"logiske" argumentet om at et medlemskap vil gi innflytelse, men ellers vil
>alt være som i dag?

Bjerke skriv om Schengen, og fokuserer på dei formelle forskjellane på
Schengen før og etter Amsterdam-vedtaket. Det er viktig å vite om desse
forskjellane, og plage regjeringa med dei, men eg tviler på om dei gjer så
store utslag i praksis. Det er to grunnar til det:
- Forskjellane er for spissfindige til å ha nokon særleg mobiliseringseffekt.
- Det er makta som rår, og om det trengst, set maktfolka til sides ikkje
berre Grunnlova og andre spelereglar, men også det dei sjølve har sagt
tidlegare. Dei må nok drive litt "argumentasjonsakrobatikk", som Gyrd
Brændeland skriv i KK i dag, men det er dei ekspertar på.

Mikkelsen etterlyser eit svar:
>Har Nei til EU og EU-motstanderne noen strategi for å møte disse
>argumentene, som antakelig vil gjøre seg stadig mer gjeldende i årene som
>kommer? Eller er vårt eneste håp at EU sjøl greier å undergrave
>union-samarbeidet såpass at det vil framstå minimalt attraktivt å bli med
>den dagen medlemskap igjen står på dagsorden?

Eller som ho formulerer det i neste innlegg:
>Regjeringa vil aldri sette medlemsspørsmålet på dagsorden, så lenge
>motstanden er så bastant som i dag. Når vi ser de enorme problemene som
>tårner seg opp internt i EU, så er det ingenting som skulle tyde på at folks
>holdninger til EU skulle endre seg med det første.

Sannsynlegvis har ho rett i denne vurderinga, og vi får ta imot den hjelpa vi
kan få (i dette tilfellet frå EU), men dette duger sjølvsagt ikkje som
strategi for nei-sida.

Tor Andre Myrvoll foreslår at Nei-sida burde
>stille
>til valg i form av et (tverr)-politisk parti hvis eneste oppgave var å
>stille et (kritisk) søkelys på Stortinget- og regjeringas behandling
>av Eu-spørsmål.
Både Pål Hellesnes og Mikkelsen har gode argument mot dette. Dessutan er det
for seint å melde nye parti til valet i år, så denne ideen er i beste fall
langsiktig.

Kva gjer Nei til EU, spør både Mikkelsen og Hellesnes. Det er lett å svare
"altfor lite", men eg skal prøve å utdjupe det litt frå min ståstad
(nestleiar og sekretær i fylkeslaget i Møre og Romsdal 1995-96, seinare litt
mindre aktiv).

Ja-strategien var nokså synleg vinteren 1995, då eg kom inn i fylkesstyret.
Fullt så lett var det ikkje å møte han. NTEU var i djup krise både økonomisk
(stor gjeld), politisk og organisatorisk den vinteren og våren. Ein del
politikarar ville ha "EU-pause" etter folkerøystinga, og helst legge ned
NTEU, og det var stor strid om dette. Organisasjonen fekk ein knekk som han
ikkje har kome over sidan.

På landsmøta i 1995 og 1996 vart det bestemt å drive NTEU vidare, men det
vart samstundes valt ei sentralleiing som ikkje stod i spissen for dette
synet. I fylkesstyret har vi heile tida sakna støtte frå sentralt hald, og vi
har mange gonger etterlyst ei meir offensiv haldning med å forklåre i media
kvifor EU-kampen held fram. (Det må nemnast at dei tilsette ved
sentralkontoret gjer ein bra jobb, innafor dei rammene dei har.)

På fylkesplanet har det også vore tungt å jobbe. Økonomien har vore på
nullpunktet, eller helst under. Vi har prøvd å halde liv i lokallaga med
informasjon, samlingar, kampanjar og verving. Nokre lokallag har jobba svært
godt og aktivt, andre har vore heilt passive, og ein del lag har stilt opp
når vi har masa på dei. I valkampen har vi god tru på at alle skal stille opp
og dele ut materiell i postkassane til folk.

Kva ønskjer vi å oppnå med dette? Før fylkesårsmøtet hausten 1996 hadde vi
eit tverrpolitisk strategiutval i arbeid. Dei såg først og fremst på valåret
1997, og fastslo at det var viktig å få minst 1/3 sikre nei-folk på
Stortinget for å hindre grunnlovsendringar. Møre og Romsdal burde velje inn
minst 7 nei-folk av i alt 10, meinte utvalet.

Seinare viste det seg at talet 1/3 ikkje er så viktig denne gongen, for det
ligg ikkje føre noko grunnlovsforslag som gjeld forholdet til EU. Så vidt eg
kan skjøne, tek Terje Riis-Johansen feil i KK i dag (side 6).

Ei anna målsetting kan vere 1/4 for å sperre for tilknyting med pgf. 93.
Schengen-saka viser at makta heller ikkje bryr seg om denne sperra, men i det
minste må det skape litt slitasje i maktapparatet når dei openlyst trassar
Grunnlova. Det er derfor viktig å få inn 1/4 pålitelege nei-folk, og
sjølvsagt helst mange fleire.

No rekk eg ikkje meir i kveld. Framhald følgjer.

Lars Staurset