Tryggleikspolitikk (EX Re:"Offisielt")

Pål Hellesnes (paal@feskar.net)
Wed, 11 Jun 1997 09:48:57 +0100

For aa fortsetta der eg slapp:
Eg ber om orsaking om eg i forrige mitt til ein viss grad tok paa meg
"ordskifte-domar"-hatten, men eg er vel i ferd med aa gaa troeyt av
ordskifteforma. Grunnen til at eg syns det er viktig korleis vi ordskifter
er at det ordskiftet Trond Andresen tek opp faktisk er eit viktig tema (ros
for det, Trond), men at saa lenge vi berre slaar kvarandre i hovudet, kjem
vi ingen veg.
Eg trur ikkje paa tesen om religioesitet korkje paa den eine eller andre
sida, men velger aa tru at vi er fornuftige menneske som kan la osss
overtyda gjennom sakleg argumentasjon. kanhende er eg ung og naiv naar eg
seier det, men det faar staa sin proeve.

NOK om det...

Eg meiner at begge dei to syna som er representert i ordskiftet om
tryggleikspolitikk vert feil. Paa den eine sida dei som nyttar
Lund-rapporten for alt han er verdt, og seier "Kva var et vi sa -
tryggleikspolitikken til AKP var heilt rett!", og paa den andre sida dei
som meiner at tryggleikspolitikk er feil av di det fjernar oss fraa folket.
(Eg seier "oss", sjoelv om vi ikkje naudsynleg er med i same parti eller
organisasjon - vi tilhoeyrer vel alle same gjeng - den revolusjonaere
venstresida - uansett bokstavkombinasjoner?). For meg ser dette ut som Tese
- Antitese. Saa lenge dette er dei einaste posisjonane i ordskiftet kjem vi
ikkje langt, av di begge har noko rett, og begge har noko feil. For aa
presisera:
Geir Sundet m. fl. har rett, meiner eg, naar dei peiker paa det reelle ved
at kommunistar og sosialistar vert forfulgt av klassestaten. Eg er samd i
at vi ikkje BERRE kan tenka politisk vinst, men at vi og har eit ansvar for
aa verna om folk sine liv. I tillegg kjem det at ei gruppe som i saerleg
grad raakast av forfoelging i dag er flyktningar, og at dei fortener aa
kunne vera med aa slaass utan aa lida overlast. For meg vert dette gode
argument for at vi maa ha ein eller anna form for tryggleikspolitikk.
Samstundes er eg samd i mange av Trond Andresen (m.fl.) sine innvendingar
om at tryggleikspolitikk kan fjerna oss fraa folket, og at han kan nyttast
som eit internt maktmiddel. Eg er ikkje ein augneblink i tvil om at dette
kan stemme, og at det sikkert har hendt.
Daa kjem eg til det eg meiner er kjerna her: Det er forskjell paa
tryggleikspolitikk og tryggleikspolitikk! Sjoelv om eg ser det som naudsynt
aa ha nokre tiltak som skal sikra medlem og andre mot aa verta skadelidande
og sikra at ikkje roersla vert lette bytte i ei tilspissa situasjon, tyder
ikkje det at eg vil ha attende AKP sin tryggleikspolitikk fraa sluten av
70-talet. Eg vil ha enkle tiltak for aa gjera det vanskelegare for
nazistar/POT/andre aa faa innsyn i organisasjonen og planane vaare, men
ikkje noko hysteri.
Eit anna poeng, som kanhende er vel so viktig i denne samanhengen, er FORMA
tiltaka faar. Det diverre ein lei tendens, som Trond har pekt paa
tidlegare, til at tryggleikspolitikken vert Cowboy-gutta sitt domene. Daa
vert det sjoelvsagt veldig mykje loeyndomskremmeri og saere tiltak slik at
gutta kan kjenna seg som hemmelege agentar, mest som i ein James Bond-film.
Dette vert ofte tryggleikspolitikk for sin eigen skuld, og ikkje for aa
oppnaa noko politisk. Diverre maa eg nok innroemma at min eigen
organisasjon (Raud Ungdom) har hatt tendensar til denne typen praksis.
Dette er sekterisk, skadeleg, og noko som maa renskast ut. Ideelt sett
skulle tryggleikspolitikken verta styrt av dei snillaste, minst
valdsromantiske og forsiktigaste medlemma, men det vert truleg vanskeleg i
praksis. Det som i alle hoeve er viktig er at det er eit kontinuerleg
ordskifte om tryggleikspolitikk, og at det ALDRI vert ei Sanning at Slik
Skal Det Vera. Politikken maa heile tida kritiserast, og maalast mot
roeynda. (Kva anna skal han maalast mot?) Det kjem sikkertr til aa verta
feil nokre gongar, men perfekte vert vi uansett aldri... (og andre
sjoelvsagte ting...;)

Er dette ein modell som kan appelera til
Sundet/Solberg/Andresen/Johansen/Steigan/Marsdal/Bismo/AlleDeiAndrePaaKKforum?

Kameratsleg helsing

Paal

----------------------------Power to the people-----------------------------

I work at:
Paal Hellesnes Radio RV
Drillveita 4 n-7012 Trondheim PB 4443 n-7002 TRONDHEIM
Tlf: (access code) 477 350 9705 (access code) 477 351 2371

------------------------------------------------------------------------------