Re: "Offisielt"...?

Pål Hellesnes (paal@feskar.net)
Tue, 10 Jun 1997 22:27:02 +0100

OK dette byrjar å ta av litt vel mykje...
Foerst til Steigan/Eliassen:
Dette er ikkje naudsynt. Om de oenskjer å sletta Andresen/Johansen sine
innlegg uleste, gjerne for meg, men det tener ikkje til anna enn å
ytterlegare forsure klimaet aa offentleggjera det paa KK-f.
Saa til Andresen/Johansen:
De er begge flinke og velformulerte menn, og dyktige i polemisk
argumentasjon. Begge to kan vera ei svir aa lesa inn i mellom, til doemes
naar Johansen har sine utblaasingar over den "moderne" kapitalismen og
Andresen sine harseleringar over dei "intellektuelle" sine utgytingar.
Dette er gode eksempel paa korleis ein kan nytta desse evnene til noko
godt, mot klassefiender. Og her kjem eg til poenget: Det er ypperleg
argumentasjonsteknikk mot politiske fiender, men eg finn det vanskeleg aa
tru at nokon av dykk reknar AKP som FIENDER? Folk ein er usamde med, ja,
men stort sett politiske vener. Naar ein ordskiftar med politiske vener som
ein meinar tek feil, treng ein ikkje koma med utblaasingar av typen:
"denne type religiøsitet, forførelse og fordumming lever
evig omenn i forskjellige utgaver." (Om AKP)

Eg faar koma attende til sjoelve saka (tryggleikspolitikk) seinare, har
ikkje meir tid no...

Venleg helsing

----------------------------Power to the people-----------------------------

I work at:
Paal Hellesnes Radio RV
Drillveita 4 n-7012 Trondheim PB 4443 n-7002 TRONDHEIM
Tlf: (access code) 477 350 9705 (access code) 477 351 2371

------------------------------------------------------------------------------
l