Re: "Offisielt"...?

Magnus Marsdal (marsdal@feskar.net)
Thu, 5 Jun 1997 21:54:01 +0000

>
> Selv Sundets Truckstop kan ikke få denne til å rulle.
>
> Karsten Johansen
>

Jau. Dette er jo heller idiotisk, tenkjer no eg. sarkasmar alle
vegar, der dei to standpunkta er: Veldig For Akp eller Veldig Mot Akp.
Ikkje dialektisk, men dualistisk.

Til Karsten (og T Andresen): Om det er slik at AKP er så passé,
ubrukeleg og uviktig
som du hevdar, kvifor då nytta så mykje krefter på å hevda det? Slike
fakta plar setja seg igjenom i medvitet til folk, dersom dei er så
absolutte som de ser ut til å meina.

Grunnen til at eg skriv dette, er at eg meiner den typen diskusjon som
kjem ut av at ein "slår fast" at Akp er heilt passé og på grensa til
reaksjonært (??), på INGEN måte blir konstruktive. Eg kan berre sjå at
slikt kan vera relevant i situasjonar kor det finst klåre alternativ,
"handlingsalternativ"; ein klår konkurrent til den tittelen Akp set på
seg sjølv (eller posisjonen: ein organisasjon som kan leia
klassekampen til arbeidsfolk i noreg). Om ikkje slike alternativ finst
(og eg ser ingen som argumenterer hardt for "sitt" alternativ,
bortsett frå IS) blir det berre krangel, med lite resultat (bortsett
frå at dei som allerede/framleis ER inne i Akp blir enno meir
overtydde om at alle som er på utsida er anti-kommunistar, uansett kor
mykje dei kallar seg revolusjonære.)

Det vil vera betre med konkret kritikk av praksis og vedtak/utsagn.
Det kan føra til konstruktive ordskifte som "rører på seg".

TA sin kritikk av Sørmark sin språkbruk KUNNE vore slik kritikk, men
hos TA blir denne kritikken berre eit springbrett for å ta laus på den
velkjende, antagonistiske avvisinga av alt Akp er i dag. TA tek eit
utgangstpunkt som gjer dialog mellom han og Sørmark nesten umogleg,
med mindre ein av dei kapitulerer og kjem med total sjølvkritikk.

Eg meiner at ein bør spara slik antagonisering til høve kor ein er
rimeleg sikker på at dette er rett taktikk, det er utaktisk og
ukonstruktivt å berre skyta i veg utan å ha sett seg inn i kven det er
ein svarer og kva dei står for.

For å dra det litt langt: Hadde ikkje ein god del folk på venstresida
(også i Akp!) hatt ei langt betre forståing av taktikk og verdien av
einskap enn det TA og Karsten oppviser, hadde korkje AKP, RV, eller
Klassekampen eksistert i dag. Med andre ord: Til ei kvar tid er det ei
øvre grense for kor mange (relativt) på venstresida som kan tillata
seg privilegiet å plaffa ikring seg med kritikk og Store Oppgjer utan
å ta nøye taktiske omsyn.

Her er delar av Akp av og til ille med sine avvisingar av alt
som ikkje er nært og kjært som "antikommunisme", men det er ikkje noko
anti-tese til dette TA og Karsten representerer, det er meir av same
sorten, berre med motsett utgangspunkt: Utanfor Den Heilage
Partisirkelen.

(Dette tyder ikkje at eg ikkje ser dei gode sidene ved t d TA sin
"kompromisslause kritikk" av sekteriske sider ved Akp, langt i frå, eg
er jo ikkje dualistisk i dette spørsmålet heller.)

Kameratsleg helsing

Magnus Marsdal
Medlem av Raud Ungdom

--- P t o t h e P ---