Mat for tanken.

From: Arne Apold (aapold@c2i.net)
Date: Sat Jan 15 2000 - 02:57:52 MET

  • Next message: Karsten Johansen: "Mat for tanken"

    Kanskje vil nokon meine at eg slår meg sjølv på kjeften ved først å avvise
    Erik Ness sitt framlegg til ei konkret vurdering av avisa ein dag, for så å
    gå inn på nett det. Det får stå sin prøve.
    Uansett er ikkje dette nokon heilskapleg vurdering av avisa ein vilkårleg dag.

    Mat for tanken, siterer Gudmund Valderhaug Roald Helgheim i eit innlegg
    nokre dagar attende. Vi (Gudmund Valderhaug, underteiknande, andre?)
    ønskjer oss ei avis som gjev mat for tanken. Fyller Klassekampen per i dag
    dette behovet?
    Torsdag denne veka har avisa eit oppslag på side 4: "Lufta ut av
    kullkraftargumentene" Ei overskrift som seier det meste. Som gjev oss
    konklusjonen på artikkelen. Som tar frå meg interesse for å lese resten.
    Treng stoffet vere så forutseibart?
    Kanskje ligg det usemje om kva slags avis vi ønskjer oss til grunn for
    dette. Oppslaget blir for meg eit godt døme på ei avis av typen "Pravda",
    ei propaganderande avis. Til tider kan dette vere greitt. Når avisa t.d. i
    EU-kampen har brukt spalteplass på oppsummere argumentasjon så er det
    matnyttig. Men av og til vil vi som lesarar bli utfordrar til tenkje
    sjølv. Av og til held det lenge at avisa gjev premissane og stolar på at vi
    som les er i stand til å trekkje konklusjonar sjølv. Jobben til ein
    journalist handlar - mellom anna- om å grave fram fakta. Få slikt fram som
    andre av oss ikkje kjenner til. Vere kritisk til styresmakter, vedtekne
    sanningar. Men når denne jobben er gjort, stol så på at vi er i stand til å
    lese, til å tenkje sjølv.

    Skal prøve å illustrere, og her kjem litt av vansken med Erik Ness sin
    metode inn: Svakhetene ved avisa les ein like mykje ut av det som ikkje
    står der. Av kva stoff avisa ikkje har, av kva vinklingar som ikkje finst.
    Eg går derfor til Dag og Tid, torsdag 13.01. (http://www.dagogtid.no/)
    Roald Helgheim skriv i si fase spalte i D&T denne dagen om togulukka. Han
    trekk parallellar til Kings Bay ulukka, der regjeringa måtte ta ansvaret og
    vart kasta. Ved togulukka no er det som kjent ein togførar som er vorten
    hengt ut som ansvarleg. Ei parallell som eg ikkje har sett andre stader.
    Noko å tenkje over. Overskrifta til Helgheim er "Menneskleg svik". KK ville
    kanskje ha skrive "Regjeringa må gå" over ein tilsvarande artikkel. Kva
    fungerer best? Kva inviterer til å tenkje?
    I samme nummer av D&T er Olav Randen gjesteskribent. Ein artikkel om eit
    forsøk med kloning av bier som enda opp med ei drapsmaskin av ein
    biehybrid. Saka har eg høyrt om før, men Randen set det inn i ein samanheng
    når han avslutningsvis skriv om "... vår tids sentrale tankar, at me er
    naturens herskarar og at me skal ha stadig meir...."
    Mat for tanken.

    Erik Ness skreiv i si vurdering av avisa at
    >-Så leste jeg Peter M.s kommentar på side 3 på bakgrunn naziherjingene i
    >Sverige. Det var også helt på sin plass og Peter problematiserer
    >forbudslinja i ytringsfrihetsdiskusjonen. hadde jeg skrevet den, hadde jeg
    >nok vært skarpere på at forbud er feil vei. jeg ønsker meg veldig den
    >debatten opp på vår hjemlige venstreside.

    Altså ei forventning til kommentaren han les om å få bekrefta det han sjølv
    tenkjer. Er det dette vi vil med avisa? Få bekrefta slikt vi sjølv tenkjer?

    Eg var skarp i kritikken min av avisa innleiingsvis i denne debatten. Det
    bør seiast at ei kvar avis ville fått vanskar dersom godt som heile staben
    vart skifta ut så å seie over natta. Slik sett er det ikkje redaksjonen som
    skal bere ansvaret for at det journalistiske produktet per i dag ikkje er
    godt nok. Men redaksjonen har eit stykke veg å gå for å bedre avisa.
    I botnen for journalistikken trur eg følgjande to krav bør liggje: Den som
    skal skrive i avisa bør ha noko av interesse for lesarkrinsen å formidle.
    Og ho/han må kunne handverket, vite korleis stoff kan formidlast.
    Her ligg utfordringa for avisa.

    Arne Apold



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Sat Jan 15 2000 - 02:59:33 MET