RE: Putin ser deg

From: Kjell Arnestad (kjell.arnestad@chello.no)
Date: Thu Jan 13 2000 - 22:26:02 MET

  • Next message: Anders Ekeland: "Re: AKP og Klassekampen"

    Litt om nett-tryggleik

    Kommunikasjons"avlytting"
    Eg trur me trygt kan seia at overvaking av e-post er vel so aktuelt i Noreg.
    All e-post kan lesast av dei med nok ressursar (les: store verksemder,
    nettleverandørar og statlege etatar som driv med slikt). Det er nok å visa
    til det siste årets avsløringar av Echelon-systemet og EUs motsvarande
    samarbeid som ein del av Enfopol. No er eksistensen av Echelon stadfesta av
    australsk etterretning og avhoppa tenestefolk i den new zealandske
    etteretninga.

    Det var ein del av oss som vart overraska over det tekniske høvet til å
    filtrera all e-post, faksar, telefoni og anna datakommunikasjon som går
    gjennom satelittar, undersjøiske kablar og radiobølger (pluss ved hjelp av
    mikrobølger), men NSA har bevisleg patent på denne teknologien. (United
    States Patent 5,937,422 ). (NSA har forøvrig eit enormt budsjett, mange
    gonger større enn CIA.)

    Noreg er knytt til Echelon og tek imot etteretning om den kommunikasjonen
    som matchar dei søkjeorda Noreg "abonnerer" på. Meir info om Echelon finst
    http://www.aclu.org/echelonwatch/index.html . For kortare infokjelder, på
    norsk, gå t.d. til http://www.digi.no og søk på "Echelon".

    Kryptering
    PGP er ikkje daud, men vert framleis utvikla og bruka. Det er den sterkast
    tilgjengelege (reelle) krypteringa, og den som er mest utbredt. Sjølv om det
    er tungvint, er det jo ikkje naudsynt å kryptera anna enn det ein ikkje
    ønskjer at andre enn adressaten skal sjå. (PGP kan òg nyttast ved telefoni.)

    Inga kryptering er 100% sikker, men so vidt ein veit kan ikkje PGP knekkjast
    med dei ressursar som finst i dag. PGP kjem i ein kommersiell utgåve, med
    fleire komponentar og i ein freewareversjon. Freewareversjonen, er open
    source software, dvs at kildekoden kan lastast ned og dei som kan
    programmering, kan sjekka at programmet ikkje har backdoors som gjev andre
    tilgang til dekodingsnykelen.

    PGP er rekna som "farleg vapen" av USAs tollstyresmakter og kunne difor
    ikkje eksporterast før no. USA har imidlertid vorte pressa til å lempa på
    desse restriksjonane. Inntil i dag har difor PGP vore eksportert som
    papirkopi av kildekoden, scanna inn og kompilert seinare. Den internasjonale
    PGP-sida ligg i Noreg, http://www.pgpi.org/ , kor ein kan lasta ned siste
    versjon og lesa meir om både programmet og kryptering generelt.

    Eg veit lite om korleis PGP var å bruka før, men vil tru at dagens
    versjonar, med støtte for Windows og Mac, er meir brukarvenleg. Det finst
    plug-ins som integrerer PGP med dei fleste mail-program.

    Vern maskina di
    Forøvrig bør einkvar som er oppteken av nett-tryggleik skaffa seg ein
    brannmur. Å la vera er som å reisa på ferie utan å låsa døra. Vha av enkle
    program (trojanar og andre) kan ein lett skaffa seg tilgang til alle
    nettilknytte maskiner som ikkje er tryggja. Serskilt er Windows kjend for å
    ha alle dører (portar) opne. Sidan i dag tidleg har det vore 15 freistnader
    på å få tilgang til mi maskin. Eg gidd ikkje sjekka lenger, det er truleg
    mest portskanning, men omlag eit par gonger i veka er det medvitne forsøk på
    å finna installerte trojanar. Dei som har dial-up (oppringt) nettilgang er
    mindre utsette, men neppe so lite at det ikkje er noko å uroa seg over. Det
    vert stadig fleir med fast nettilgang (kabelmodem, asdl, satelitt, fast
    line), og desse vert systematisk scanna for opne portar. Husk at so lenge du
    er oppkopla, er ip-adressa di synleg, med fast oppkopling har du same
    ip-adressa enten alltid eller over fleire dagar. Ein parallell: Om du veit
    at det er innbrottjuvar i nabolaget (nettet) og dei veit kor du bur, let du
    ikkje døra stå ulåst.

    Tre lærdomar:
    1. All data og telefonkommunikasjon kan og truleg vert avlytta/snappa opp.
    2. Alle nettilknytte pc-ar er utsette for innbrotsfreistnader.
    3. Det er ikkje ulovleg å låsa døra.

    Dette verkar kanskje paranoid. Ja, det gjer det, men mest av di det er lite
    fokusert på denne typen problemstillingar. Installér ein brannmur og vert
    sjokkert. Det er relativt enkelt å verna seg, men ein må først oppdaga at
    det er naudsynt. Linkane ovanfor gjev eit godt oversyn over kva ein skal
    vera merksam på.

      Mvh
      Kjell S @rnestad
      _____________
      Kontaktinfo:
          kjell.arnestad@chello.no
          pgp id: 0xFBDB80E7
          msn messenger: kjellarnestad@hotmail.com
          nettside: http://kanet.cjb.net



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 22:31:26 MET