Re: AKP og Klassekampen

From: Oddmund Garvik (garvik@worldonline.fr)
Date: Thu Jan 13 2000 - 08:58:20 MET


Le jeu, 13 jan 2000, Nils P. Lie-Gjeseth a écrit :

> Av og til kan man begynne å undre. Er kritikken mot KK et resultat av
> synet på folk som jobber i og rundt KK det avgjørende, eller er det
> innholdet i avisa det dreier seg om ? Debatten på KK-forum kan virke som
> om alle som er medlem av AKP, eller som ikke tar avstand fra AKP, ikke er
> meningsberettiga.

Poenget er, NPLG, at AKP er majoritetseigar i Klassekampen, og difor har
makta. Når det går attende med avisa er det naturleg at majoritetseigaren
blir stilt til ansvar, særleg når denne hardnakka nektar å opne for krefter
rundt Klassekampen som vil endre avisa og gjera ho breiare, og meir i tråd
med tendensane på "venstresida". Slett ikkje i form av ei resolusjonsavis,
der alle grupper og organisasjonar kan koma med "sitt". Ei slik avis er
mindre viktig i dag - ein har internett og nok av forum til slikt.

Det som trengst, er ei avis som ikkje blir sett på som ei AKP-avis, og som
er i stand til å skape ny entusiasme, nye tankar, nye idear. Det er ikkje
lett å lage ei slik avis i Noreg i dag, men det er vel verd eit forsøk?

I dette spørsmålet er både medlemmer av AKP og andre "meningsberettiga".
Fleire her på KK-forum har stilt spørsmål til majoritetseigaren av avisa
utan å få svar, eller berre svar i det blå. Og du, NPLG, held fram med å
karrikere kritikken:

> Forsåvidt en kjent situasjon for folk i et parti som har opplevd det samme
> siden 1973. Men bør man ikke komme lengre enn å si at AKP-ere er dumme, og
> at så lenge AKP fins vil KK dø ?

Det er ingen som seier dette. For min eigen del seier eg at så lenge AKP
tviheld på makta i Klassekampen sine styringsorgan, kan ein ikkje vente seg
store endringar. Talet på lesarar og abonnentar går tilbake, pressestøtta er
redusert, annonseinntektene likeins - noko må gjerast. Dersom AKP ikkje vil
gjera noko, og held fram i ei defensive rolle, har du kanskje rett: "så lenge
AKP fins, vil KK dø..." Men det går an å koma seg ut av denne situasjonen ved
å dele på makta, endre avisprosjektet og statuttane (formålsparagrafen). Det
er dette siste som er ein interessant og framtidsretta diskusjon. Ikkje alle
desse furtande reaksjonane, såre tærne, og gamle dissensane som berre gjer at
ein går i ring. Kom dykk ut av skyttargrava, AKParar, likeins dei andre som
står i andre skyttargraver. Kom dykk ut på sletta, og ta kvarandre i hendene.
Slå kvarandre på herdane og diskuter. Gløym alt det gamle, gjæra og
uoppgjorte. Skal ein få til ei avis, må ein vera mange om beinet, og ha
klåre køyrereglar. Førebels er det berre Trond Andresen som har kome med
framlegg til slike. Lat oss diskutere dette i staden.

Eg kom med nokre forslag til nytt namn, utan pretensjonar. Det var nok tynne
saker, og Nærum gjorde meg attpåtil merksam på at "Holmgang" er ein
TV2-tabloid. Eg visste ikkje det, og trekk forslaga attende. Dette spørsmålet
er no ikkje aktualitet førebels, og kan berre liggje så lenge.

> Går det ann å tenke tanken at Ness faktisk ønsker å diskutere innholdet i
> KK, og har tenkt tanken at KK kan gjøres til ei bedre avis ? Sjøl om han
> bare tok for seg avisa 1 - en - dag ? (og ikke mener AKP-ere er dumme)
>
> Forslag: Ta for dere KK for ei hel uke - f.eks. neste uke - lag ei
> analyse av hva som er bra/dårlig. Så kan man diskutere KONKRET innholdet i
> avisa. Det vil kanskje også bringe KK-debatten et skritt videre ? Hvis det
> er poenget. For det er endel å snakke om, bl.a. distriktsprofilen.

Dei som vil det, kan gjerne gjera dette, men det er ikkje det som er
hovudproblemet. Denne taktikken som går ut på å pense diskusjonen inn på ei
analyse av det "konkrete innholdet" i KK, er berre ei avsporing av kritikken.
Let ein KK-toget gå vidare som før, går det rett i avgrunnen, for alle bruene
er sprengde. Og gudhjelpemeg så synd det er at de ikkje ser det!

Oddmund Garvik



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:56 MET