Om det å vere ein kvit mann (VAR: Om AKP i KK-debatten)

From: Arne Apold (aapold@c2i.net)
Date: Tue Jan 11 2000 - 00:56:51 MET


Tre bilete frå Palestina:
1) Kjellaren er sval i varmen. Han ligg og søv på sementgolvet, ein
tenåring, kanskje 13 - 14 år. Eine foten er gipsa etter eit møte med
israelske soldatar. Kanskje ein demonstrasjon, steinkasting. Han kan ikkje
vere på sjukehuset, vågar ikkje av redsle for å bli arrestert. I det mora
vekkjer han, augo hans i det han ser oss: Kvite, europearar. Redsla i augo.
2) Ein flykningleir i Gaza, ei gong på 80-talet. Vi er fem seks norske som
står og snakkar med eit par palestinske vener. Ein lastebil køyrer forbi
oss, og ungdommane på lasteplanet ropar noko på arabisk. Etterpå spør vi
kva dei sa. Motvillig fortel våre palestinske vener at det var ei åtvaring,
at dei var blitt oppfordra til ikkje å snakke med oss, til ikkje å stole på
oss. Vi kjenner kvarandre godt nok til å vite at hendinga ikkje vil få
konsekvensar for vår samtale.
3) Ein av oss ber ei t-skjorte med ei kjærleikserklæring til Palestina.
Tilfellet vil at det er han som går ut av bilen når utgangen frå leiren er
stengt i det vi skal køyre. Okkupanten sine soldatane les arabisk,
kommentarane deira er ikkje til å mistolke. Men enno meir palestinarane som
set der og ventar på at utgangen igjen skal bli opna. Fryden deira over at
nokon kan tillate seg denne demonstrasjonen utan at det får alvorlege
konsekvensar. Den tause applausen.
 
Når eg til tider har vore i Palestina, kan eg aldri kome utanom at eg er
europear. Med det Europa ber med seg av historie. Slik sett har det heller
ikkje så mykje for seg å proklamere at eg er medlem av ein norsk
solidaritetsorganisasjon. Som nordmann i Palestina kan eg ikkje kome unna
min eigen bakgrunn. Men eg kan velje bruke den kunnskapen eg får om
tilhøva, her heime. Kan velje å definere mi eiga rolle som ein observatør.
Kan velje ikkje å vere ein kvit mann, i tyding av at eg bryr meg, at eg tar
standpunkt.

Anders Ekeland problematiserer gymnaslærarar Pedersen sitt etterkvart
kjente utsagn i det han skriv
>Problemet med Solstad er at det å "ikke ville være en hvit mann" bare er et
>utgangspunkt, startpunktet for å utarbeide strategier, visjoner for en
>verden med en rettferdig fordeling, uten rasistisk vold osv. osv.

Nei, dette å ikkje vilje vere ein kvit mann seier ikkje noko om årsaker til
undertrykking. Dette å ikkje vilje vere ein kvit mann endrar ikkje verda,
dette å ikkje vilja vere ein kvit mann inneber ikkje noko program for
korleis ein skal skape eit anna samfunn. Men like fullt: Eg kunne sagt at
det også handlar om anstendighet som både eit moralsk og politisk prosjekt.
Om å kunne stå inne for det ein gjer. Om å kunne forsvare eigne handlingar,
eigne val ut frå eit grunnsyn. Eg kan ikkje kome unna dette at eg bur i eit
land som fløymer over av olje, som Garvik vel uttrykte det i eit innlegg.
Når eg refererer til Solstad er det ikkje fordi eg ser han som ein
sosialistisk teoretikar, ikkje fordi hans politiske prosjekt (om han har
noko slikt?) er mitt. Men fordi eg opplever dette med ikkje å vilje vere
ein kvit mann som meiningsfylt, som dekkjande for kvar ein sjølv står. Så
kan ein i neste omgang sjølvsagt stille spørsmål ved dette at folk med
bakgrunn i m-l rørsla endar opp med eit politisk prosjekt som, sett på
spissen handlar om anstendighet på det private planet.

Eg treff elles Muhammad, ein av palestinar som var med oss i Gaza, att
nokre år seinare. Han er ferdig på universitetet, no arbeider han som
bygningsarbeidar i Tel Aviv. Livet er ikkje berre enkelt, han saknar på
mange måtar universitetsmiljøet. På spørsmål frå oss fortel han at han har
prøvt å diskuterer politikk med sine palestinske arbeidskameratar, men dei
er ikkje nemneverdig interessert. Tilvere på eit radikalt, palestinsk
universitet, og det livet han lever no er to ulike saker. Slik sett
konkluderer han på sett og vis med at universitetet er langt frå det
røynlege livet.
Ein skal vere forsiktig med å trekkje samanlikningar mellom Palestina og
Noreg. Men ein kjerne av same problemstillingane kan ein heilt sikkert
finne att her i landet. Ulike venstreorienterte smågrupper vil alltid ha
gode vilkår i eit universitetsmiljø. Spranget for mange kan verte stort når
dei forlet universitetsmiljøet.

Anders Ekeland er meir teoretisk orientert enn underteiknande. For meg vert
det kanskje eit spørsmål om ein må ha eit teoretisk fundament å forhalde
seg til. Kanskje kjem denne diskusjonen til å ende slik: Anders Ekeland
spør meg om eg ikkje ser at denne verda treng ei grunnleggjande endring, og
om ein så ikkje treng eit program for dette. Eg kan vanskeleg kome utanom
det. Kan vanskeleg nekte for at ein treng å studere historia for å lære.
Men samstundes har eg ein skepsis til teoriane, til ideologiar som har vist
seg ikkje å halde mål. Slik endar eg opp med ei programformulering om ikkje
å vilje vere ein kvit mann. Og lar dei store tankane om å endre verda elles
liggje. Spørsmålet, kanskje retorisk, som melder seg fort er: Kven skaper
historia? Vil ikkje dei intellektuelle ha eit formidlingsproblem dersom
dette vert ein diskusjon berre mellom dei som har lest mykje? Kor synlege
er dei radikale, intellektuelle 10 år etter at dei forlet universitetet?
Ein kan sjølvsagt ikkje gje noko eintydig svar på slike spørsmål. Hans
Ebbing er eit namn som eg les med interesse og utbytte når han har noko å
melde. Ein Anders Ekeland kastar seg enno med glød inn i diskusjonar mange
år (?) etter at han var ferdig med utdanninga. Andre oppegåande
intellektuelle finnest sjølvsagt. Men for mange av dei
"universitetsradikale" har forsvunne. Og med dei litt av tilliten til den
for teoretisk orienterte radikalismen.

Kva er forutsetning for eit politisk engasjement? Sterk tru på ideane? På
nødvendigheten av det ein driv med? Entusiasme, at ein ser resultat? Andre
saker? Sjølv har eg i mange år vore engasjert i solidaritetsarbeid. Det er
færre no enn før som snakkar om imperialismen. Men solidariteten, dette å
bry seg, å kunne leve seg inn i andre sin røyndom, lever. Det i seg sjølv
burde kanskje gje grunn til å stoppe opp og tenkje for ein augneblink. Eg
er ikkje sikker på om det berre er retorikken som har endra seg.

Arne Apold

(som tenkjer at kanskje skulle han ha brukt ein kveld til på dette
innlegget, men i morgon har eg anna føre. Det får stå sin prøve)



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:55 MET