Re: KK-debatten

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Mon Jan 10 2000 - 09:17:43 MET


Bendik Wold wrote:
>
> Debatten om KK som papiravis/nettavis er interessant, og bør nå ut til
> flere enn bare medlemmene av dette forum. Hvem tør å se sitt innlegg på
> trykk i avisas debatt-/kronikkspalte?
>
> mvh
> Bendik Wold,
> KK

Å trykkje eit og anna forum-innlegg i avisa blir neppe vellykka, med
mindre innlegget er skrive med tanke på det. Dei fleste som skriv her,
har referansar til andre innlegg, og utan dei ville ikkje lesarane få
samanheng i debatten. Somme deltek også i fleire debattar i same
innlegg. Dessutan har forum-innlegg ofte lange eller korte sitat (slik
som ovafor). Den forma ville iallfall vere svært uvant på trykk.

For å få forum-debatten over i avisa, trur eg redaksjonen må ta tak i
ein debatt-tråd, forkorte og redigere innlegga og trykkje dei samla i
ettertid, f.eks. ein gong i veka. Ein bør ha avtale med skribentane om
dette.

Eit alternativ til vanleg kronikk er elles at redaksjonen inviterer
nokre deltakarar til å skrive nye innlegg basert på dei gamle, utan å
førehandslese det dei andre skriv, men med den kjennskapen til kvarandre
sine synspunkt som forumdebatten har gjeve. I debatten om
papiravis/nettavis kunne det f.eks. vere Trond Andresen, Anders Ekeland,
Anders Ericson og Bjarne Nærum (her nemnde i alfabetisk orden).

Endå betre ville det vere å samle debattantane til ein samtale, men då
er vi over på ei anna journalistisk form.
 
Helsing Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:54 MET