SV: KK-debatten

From: Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Date: Mon Jan 10 2000 - 10:11:35 MET


Til dette med forum-debatt inn i avisa:

Eg trur at Wolds etterlysing helst bør tolkast som ei oppmoding til å laga
avisinnlegg av foruminnlegg. Dette trur eg er den einaste realistiske
framgangsmåten. Det vil ikkje gå bra å satsa på at "redaksjonen redigerer".
For det fyrste fordi noko slikt vil vera vanskeleg og arbeidskrevjande, dvs
utanfor rekkjevidda til våre knappe ressursar. For det andre fordi det
uansett garantert vil bli "feil", ein eller fleire skribentar vil meina seg
dårleg/feil gjengjeve på trykk. Den einaste måten å unngå dette på er å ha
eit nitid system med godkjenning av alt før det prentast. Og då har vi
forlengst brukt meir arbeidstid enn det vil gå med dersom den einskilde
sjølv lagar innlegg.

Altså: Lag gjerne innlegg til avisa! Kan henda kunne eit litt oppsummerande
"vi har den siste veka diskutert kk på forum, mellom anna kom fylgjande
fram.... sjølv meiner eg at..."-innlegg vore ein start?

Eg vil serleg oppmoda Apold til å skriva, hans reaksjon tykkjer eg er eit
viktig signal og det hadde ein substans som det må vera mogleg for oss i
redaksjonen å gripa og føra inn i våre ordskifte om forbetring av avisa.

Vonleg kjem det nokre innlegg frå redaktør/redaksjon til denne debatten,
det har så langt uteblitt pga sjukdom i staben og det arbeidspresset slikt
fører med seg. Sjølv vil eg berre peika på skiljet mellom kritikk/idear som
handlar om handtverk/journalistikk og dei som hanldar om
emne/stoff/politikk. Vi treng begge delar, men eg trur nokre av dykk legg
for lite vekt på det fyrstnevnte i debatten. Vi kan sikkert laga ei avis
som tek opp alt som blir foreslått her, inkludert framtidsdiskusjonen, og
likevel få til eit elendig produkt, om ikkje journalistikken og produktet
som heilskap har høg nok kvalitet. Og vi kan, omvendt, truleg laga ei langt
betre avis enn i dag heilt utan å vri stoffvalet, dersom kvaliteten,
spensten, verkemidla, språket, presentasjonen etc blir utvikla til høgare
nivå.

Det blir konferanse om Klassekampen 12.-13. februar. Program blir lagt fram
snart, og høve til å melda seg på.

Beste helsing

Magnus E. Marsdal
KLASSEKAMPEN



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:55 MET