Om ei ny avis

From: Oddmund Garvik (garvik@worldonline.fr)
Date: Thu Jan 06 2000 - 21:29:40 MET


Eg kom attende til forumet midt i denne debatten, men det er vel
både høfleg og passande å byrja med å ynskja dykk alle eit godt og
framgangsrikt år. Og god helse sjølvsagt.

Eg hadde ikkje tenkt å delta i debatten om framtida til KK. Men så skurra
det i øyro att. Mange har skrive om AKP, og freista å pense debatten om KK
inn på eit spor som ikkje fører nokon veg. Kva dei forskjellige smågruppene
måtte meine om kvarandre, er ikkje så viktig at det gjer noko. Om det finst
andre grupper i "m-l tradisjonen" enn AKP, eller kven som er "verdige" og
som forvaltar "sanninga", er heilt uinteressant i høve til avisa
Klassekampen. I alle fall om ein skal gjera alvor av å gi ut ei avis for
heile "venstresida".

Difor kan ein ikkje like godt hoppe over denne dissensen og heller
konsentrere seg om kva slags lesarar ein vil ha tak i, og kva som er stoff
av ålmenn interesse for potensielle nye lesarar. For ein treng ikkje vera
mediaforskar for å forstå at det må nye lesarar til. Avisa må kort og godt
fenge mykje vidare enn ho gjer i dag, bla.bla.bla.

Framtida til avisa Klassekampen er nok avhengig av AKP, same korleis ein snur
og vender på det. Partiet er majoritetseigar, og ingen kan tvinge det til å
endre på noko som helst. Difor må AKParane overtydast. Om ikkje eit fleirtal
av folka i AKP innser at kursen må leggjast om, blir det inga kursendring.
Så enkelt er det. Og avisa vil halda fram med å skrante, heilt til ho
kanskje døyr av seg sjølv ein dag.

Eg har nokre små tankar om avisdrift og politikk.

For det første:
Kvifor skal ein på død og liv proklamere eit revolusjonært, sosialistisk
grunnsyn som utgangspunkt for kritisk journalistikk? Etter mitt syn er det
meiningslaust å laga noko ideologisk manifest for ei avis, især når
ideologien det er snakk om, ligg på "lit de parade". Den store ideologien
som skulle forandre alt, som millionar av menneske ofra livet for, førte
berre til andre blodbad, andre katastrofar, anna undertrykkjing. Eg er redd
for at den revolusjonære sosialismen som vegvisar for eit levedyktig,
alternativt avisprosjekt i Noreg er kaduk.

Kvifor ikkje heller ta utgangspunkt i enklare konstellasjonar? Kvifor ikkje
ta utgangspunkt i alle dei som ser og forstår at den styrande eliten berre
er fine bandittar, at liberalismen, dei transnasjonale selskapa og
"globaliseringa" er ein klamp om foten til alle oss vanlege menneske som
berre vil leva i fred og harmoni med natur og medmenneske - utan overflod og
fråtsing, utan terror og undertrykkjing. Me som berre vil ha eit venleg,
menneskeleg samfunn som er i stand til å brødfø oss alle, og føra oss inn i
framtida utan at me treng å vera redde for eksistensgrunnlaget og livet til
etterkomarane våre.

Lat det vera så naivt det berre vil.

Kvifor vera seriøse heile tida? Eller "politisk korrekte"? - Kvifor ikkje
vera saltande satiriske? Og provosere?

Det finst hundrevis av måtar å vise kor umenneskeleg, udanna, vulgær,
egoistisk, grisk og småleg den styrande eliten er. Blir dette gjort på ein
dyktig måte, av dyktige avisfolk, teiknarar og skribentar, kjem alt det
andre av seg sjølv, med tida.

Ein kan ikkje tvinge folk til å bite seg fast, stritte imot og "kjempe" same
kor trasig og nedslåande verda blir. Særleg i tider då "venene" er få. Ein
må gi dei næring. Å lansere mekaniske "redningsaksjonar" og kampanjer utan
næring, utan gulrot, blir difor berre eit slag i lufta. Ein må først leggje
om kursen, for å snu stemninga. Ein må presentere eit avisprosjekt som
"venene" trur på, og som er liv laga.

Vel ein av forskjellige grunnar å slost på defensiven, hamnar ein til slutt
i eit hjørne. Og så må ein leggje på sprang, frå futar og alle slags
pengeinnkrevjarar. Eg er redd for at det er det som kjem til å
skje med Klassekampen snart, om ikkje dei rette vedkomande tek seg saman.

Det er ikkje lett å gi ut ei dissentaravis i eit søkkrikt land med berre
rundt fire millionar innbyggjarar, der fleire og fleire står ope fram som
egoistiske individualistar, og gir seg over til ein "ideologi" som høyrer
til fandenivald. Sjølvsagt kan ein oversjå dette fenomenet, eller pynte på
det, fordi mange av dei samstundes høyrer til "folket".

-------
Kan det hende at det er for pretensiøst å vilja gi ut ei slik dissentaravis
som dagsavis? Kan det hende at eplet heng for høgt? Eller har ein har rota
med
korta, slik at ingenting stemmer lenger?

Å lage avis er eit yrke. Å lage ei god avis er eit handverk. Slikt tar det
tid å lære seg. Ein klarer ikkje å lage godt handverk utan gode meistrar og
talentfulle, inspirerte lærlingar. Det må sjølvsagt vera ein balanse
mellom dei to kategoriane.

I Klassekampen blei alt velt overende for ei tid tilbake, og no står ein der
utan tilstrekkeleg med gode meistrar, og utan mange nok talentfulle,
inspirerte disiplar. I tillegg er det mest ikkje pengar att i skrinet.
Kvifor skal ein så på død og liv tyne dette dagsavisprosjektet like til alt
snakk om ei avis for heile venstresida berre er ein sagablott?

Kvifor ikkje heller freista å laga ei god vekeavis? Ei blanding av
Klassekampen, Orientering/Ny Tid, Dag og Tid, Magasinet for alle, osb?

Eit slikt prosjekt er i seg sjølv mogleg uavhengig av Klassekampen. Det
undrar meg litt at det ikkje finst alt.

Er det slik at sjølv dei "revolusjonære" let seg tære sund framom skjermen
til den statlege rikskringkastinga? At dei ikkje lenger les aviser og bøker
når dei slitne og oppkava kjem frå arbeid og heimreis? Er det slik at
bilete, spel og moro tek overhand sjølv på "venstresida"? Kva skal det bli
til då?

Dette med å lage nettavis er vel og bra, men det trengst ressursar, tid og
gode journalistar også til det. Nok ein gong er eg redd for at prosjektet er
for pretensiøst. Eit anna problem med nettaviser er, som mange alt har peika
på, at dei er virtuelle, og at få eller ingen vil betale for slike "aviser".

Ei avis er noko ein kjøper, stikk i lomma, skriv notat på, luktar på,
brettar og skamfer, les, og som ein til slutt anten brukar til dasspapir når
ein har dårleg råd, eller til å fyre opp i peisen med om vinteren. Det er
trykte bokstavar, teikningar og bilete, tankar og idear på knitrande
papir.

Kor mange gonger har ein ikkje blitt sitjande å lesa eit stykkje frå
fjoråret, eller frå førre sumaren, som ein fekk ein glimt av like før ein
hadde tenkt å rive sida i to og tenne på ho, der ein sat på kne framom
peisen i kjøkenet ein kald morgon?

Mennesket klamrar seg til fortida, og snur helst ryggen til
framtida. Difor har eg ikkje tru på nettaviser. Dei er berre sekundære
produkt for store avishus med god råd. Nettaviser er for folk med
datamaskiner som har det travelt.

Eg tykkjer i grunnen at Trond Andresen sitt *forkorta* forslag til ny
formålsparagraf er eit greitt utgangspunkt for ei ny avis. Men eg ville
ha fjerna alle allusjonar til revolusjonen, som i denne samanhengen berre
blir frasemakeri.

 Eg ser ingen motsetnad mellom eit høgt journalistisk handverksnivå, gode
skribentar, og den spesielle karakteren som ei slik avis må ha. Ein kan vera
mot alle former for "elitistisk profesjonsholdning", samstundes med å gå inn
for å gi dei som lagar avisa arbeidsrom til å lage ei god avis. Det er eit
spørsmål om balansegang.

Til slutt:
Kvifor ikkje kalle den nye vekeavisa: Magasinet for alle (på vilkår av at
denne titelen ikkje er lovleg eigedom til ein moralsk eller fysisk person,
eller på andre måtar er "beskytta").

Eit alternativt namneforslag: Den Nye Avisa (trass i den moglege
forkortinga...bien sûr).

Oddmund Garvik



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:53 MET