Ei viktig presisering

From: Arne Apold (aapold@c2i.net)
Date: Mon Jan 03 2000 - 22:53:30 MET


Eg ser i ettertid at eg har uttrykt meg uheldig/klønete om streiken på
Zinken i 1976. Og at å bruke streiken på som utgangspunkt for å forklare
kvifor eg i dag meiner prosjektet AKP er dødt, var uheldig. Det er
sjølvsagt freistande å skulde på forkjøling så vel som på ein lokal variant
av Y2k. Men når alt kjem til alt må eg nok ta ansvaret sjølv.

Derfor denne presiseringa:
1) Eg meiner ikkje at streiken var sekterisk. Det kan sjølvsagt alltid vere
interessant å diskutere ein slik aksjon i ettertid, men det var ikkje der
eg ville med innlegget mitt.
2) Eg går ikkje god for påstanden om at streiken skulle vere planlagt på
ein Raud Front sommarleir. Ein slik påstand inneber både ei overvurdering
av AKP sin styrke, og ikkje minst ei undervurdering av dei som faktisk
fatta vedtaket om å gå ut i streik.

Når eg i innlegget om AKP tok utgangspunkt i ei konkret hending i Odda, var
det for å seie noko om partiet si utvikling frå å vere relativt sterkt, til
å verte lagt ned. Den saka skal eg prøve å kome tilbake til.

Arne Apold



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:51 MET