År 2000 etter tre-fire dagar

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Tue Jan 04 2000 - 09:26:59 MET


Dei som ikkje orkar å lese meir om dette: trykk Delete-knappen straks!

Til dei som framleis heng med: Godt nytt år!

Heldigvis gjekk "alt" bra ved årsskiftet: ingen atombomber eller
kjernekraftverk skapte katastrofe, og "alle" har framleis straum og vatn
(altså vi som vanlegvis har det). Litt rusk var ein del stader, f.eks.
skal Microsoft ha lyst ut ledige stillingar frå "1.1.1900". Sjå f.eks.
http://www.pdi.no/y2k/hendelser.shtml. Små problem blir nok dyssa ned,
og framleis er det ein del større datasystem (lønnssystem m.m.) som
ventar på månads- og årskjøring, så vi får vente litt med å gjere opp
endeleg status.

Erik Lindeberg skriv ironisk om dei problema som sjølve beredskapen
skapte, med at datamaskinane vart slått av over årsskiftet og ikkje vil
starte att. Eg vil berre svare at i dei tilfella han skildrar, har dei
generelle tryggingstiltaka vore for dårlege. Sikkerheitskopi manglar, og
brukarane gjer inngrep som dei ikkje har føresetnader for (omtrent som
om eg skulle tukle med bilmotoren min). Slikt straffar seg i lengda, og
har i grunnen lite med år 2000 å gjere.

Elles er det nok mange som vil misunne den brukaren som går rett frå ein
6 år gammal maskin til ein ny Pentium 700! (Kan det liggje eit motiv
her: dersom eg øydelegg PC-en min og skuldar på år 2000, så får eg ny?)

Helsing Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:51 MET