Re: Om AKP i KK-debatten

From: Arne Apold (aapold@c2i.net)
Date: Sat Jan 01 2000 - 21:45:12 MET


Etter å ha kome gjennom årsskiftet utan større vanskar enn ei forkjøling,
skal eg kort prøve å svare partisekretæren i AKP, Asgeir Bell. Eg er elles
einig med Trond Andresen i at ein debatt om avisa KK er av langt større
interesse enn ein debatt om partiet AKP. Dette vert derfor siste innlegget
mitt om nett dette spørsmålet.

Ved dei lokale lønsforhandlingane på bedrifta Zinken i Odda i 1976 avslår
ei gruppe tilbodet frå bedrifta og går ut i streik. Streiken som skulle
kome til å vare i tre veker splittar fagforeninga, og fører mellom anna til
at den dyktige fagforeningsleiaren Hans Sekse vert kasta. Fleire, mellom
dei ein AKP'ar som sit i streikeleiinga mister arbeidet. I eit intervju i
ei lokalavis etter streiken hevdar ein lokal SV'ar at streiken var planlagt
på Raud Front sin sommarleir tidlegare samme år. Sjølv tenkjer eg den gong
at mest av alt er det slik at partiet SV aldri vil vere i stand til å
stille seg i spissen for ein slik aksjon. Men vel 20 år seinare er det
lokale AKP-laget forlengst nedlagt. 20 år seinare har mange av dei som i si
tid sto i spissen for partiet som proklamerte seg som ein arvtakar etter
det revolusjonære DNA, og seinare NKP sjølv forlete partiet. 20 år seinare
er partiet som skulle vere av ein ny type, som skulle stå i spissen for den
proletære revolusjonen i Noreg er redusert til ein brøkdel av kva det var
på sitt sterkaste. Eg konstaterer følgjeleg at prosjektet AKP ikkje har
ført fram.

Og 20 år seinare stiller eg kanskje meir enn før spørsmål ved den
leninistiske partimodellen, som den vart utlagt av AKP. 20 år seinare
stiller eg spørsmål ved at det skulle finnast ei absolutt sanning, og at
partiet som det organisatoriske uttrykket for dei som har størst innsikt i
denne skal lede den proletariske revolusjonen. Eg høyrer ikkje med mellom
dei som kjenner trong frå å fråskrive meg ei fortid som medlem av m-l
rørsla. Men det er lenge sidan eg slutta tru på at denne skulle ha svar på
alle spørsmål.

Arne Apold



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:50 MET