Sv: Ei framtid utan Klassekampen?

From: Arne Apold (aapold@c2i.net)
Date: Sun Jan 02 2000 - 01:56:48 MET


KK er landets beste avis fordi den er den einaste riksdekkjande avisa som
har tatt standpunkt mot EU, vert det sagt. I 1972 tok Dagbladet på
redaksjonell plass standpunkt mot EU. Og, det eg hugsar skreiv avisa mykje
bra om USA si krigføring i Indokina og. Så var vel Dagbladet landets beste
avis den gongen då?
Å ha som einaste kriterium for kva som er ei god avis kva politisk
haldningar redaksjonen gjev uttyrkk for vert sjølvsagt alt for snevert.

Trond Andresen meiner, som eg forstår han, at det som skal til for å drive
debatten om KK vidare er konkrete framlegg til formålsparagraf. Greitt nok.
Men mitt problem er at eg kjenner meg ikkje modem for å freiste formulere
nokon formålsparagraf per i dag. Eg har innvendt mot hans forslag at eg
synest det vert for teknisk. For å freiste utdjupe: Mest av alt saknar eg
ein visjon. Ein overordna tanke bak. Noko som kan verke samlande,
inspirerande. Som eg forstår hans detaljerte framlegg til formålsparagraf,
vert det i ei tyding eit forsøk på å erstatte ein manglande visjon. Eg er
redd for at ein slik formålsparagraf mest vil kunne opplevast som ei
tvangstrøye, som eit hinder av dei som arbeider i avisa.
I dei konkrete sakene vil vi truleg langt på veg vere einig. Som verda ser
ut i dag, med aukande avstand mellom fattig og rik, med eit forbruk i den
rike delen av verda som kloten som heile ikkje kan tåle, med ein verdsorden
der krig mest er eit spørsmål om kven som skal ha rett til å bruke dette
verkemidlet, er ikkje vegen lang til og å inkludere FIVH så vel som andre
av organisasjonane Trond Andresen nemner. Men ei avis må vere meir enn
berre dei gode sakene. KK per i dag er for dårleg på det journalistiske
handverket. På presentasjonen av stoffet. Det er sjølvsagt freistande å
tilskrive dette litt av det som skjedde omkring redaktørskiftet. Ein heilt
ny redaksjon treng tid på seg til å lære faget. Men kor lenge skal vi
vente. Kor langt kan dei strekkje tålmodet vårt?

Vansken ved å skive eit program for ei avis er at ein må tenkje høgt. Eg
har ikkje svara. Men har prøvd å tenkje etter, med utgangspunkt i andre
aviser for å finne kva det er som gjer ei avis god, kva allmenne kriterium
som kan leggjast til grunn. Og er redd for å redusere dette berre til dei
"rette" politiske standpunkta.

For ei tid tilbake tok listeadministrator initiativ til eit "seminar" om
avisa her på forumet. Det eg hugsar kom det eitt - 1 - innlegg. Det i seg
sjølv burde vere eit faresignal. Dersom likesæla, eller resignasjonen er
komen dit at venner av avisa ikkje lenger ser nokon vits i å meine noko om
KK, har avisa snautt noko framtid. Det tener Trond Andresen til ære at han
tar slike initiativ, at han freistar fremje debatten. Men i svara på
spørsmåla han reiser legg eg kanskje større vekt på handverket der han er
opptatt av det politiske innhaldet. Sett frå min synstad kunne ein mulighet
til å kome vidare vere å engasjere folk som ei Elisabet Eide, ein Egil
Fossum, ein Bo Bekke, ein Finn Sjue. Folk som kjenner faget, og som står
avisa nær. Som eg trur ville ha noko å tilføre.

Når alt kjem til alt er vi fleire enn Gudmund Valderhaug som synest det
ville vere for jævlig om avisa skulle avgå ved døden. Av likesæle.

Arne Apold



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:50 MET