Skal vi skrive om WTO eller år 2000 på KK-forum?

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Wed Dec 01 1999 - 10:28:31 MET


På KK-forum er WTO sjølvsagt mykje viktigare enn år 2000-problema. På
den andre sida er kanskje folk på forumet såpass samstemte om WTO at det
ikkje er så interessant å diskutere det her, heller spreie informasjon
om demonstrasjonar, kampanjar m.m.

Endå viktigare enn å skrive her, er det å gjere noko i lokalmiljøet. I
Møre og Romsdal har vi fått fram ein brei allianse, sjå
http://www.itk.ntnu.no/ansatte/Andresen_Trond/kk-ffra0110990359.html. Ei
gruppe ungdommar hadde stand i Molde i går.

Når eg likevel har skrive om år 2000 her i det siste, er det for å bidra
med nokre opplysningar som kan hindre at folk kjem til feil
konklusjonar. Dersom tonen har verka negativ, er eg lei for det. Eg skal
prøve å unngå det i sluttsvaret til Bjarne Nærum, som eg kanskje rekk å
skrive i kveld.

Helsing Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:43 MET