ATTAC

From: Oddmund Garvik (garvik@worldonline.fr)
Date: Tue Nov 30 1999 - 19:52:29 MET


Ikkje eit ord om WTO her på forumet i det siste, berre noko av det
sjølvrepeterande sytet att, om "overgrepene mot og utdrivingen av serbere
i Kosovo" pluss vidareformidling av det paranoide konseptet frå Beograd om
"The French Connection", og nok ein gong føljetongen om år 2000...

Eg er svært oppteken for tida, og har diverre ikkje høve til å kommentere
dette. (Eg finn det sjølvsagt også heilt uinteressant...!)

Då var meldinga eg fekk midt på dagen i dag langt meir interessant:

"DEMONSTRASJON MOT WTO!
Tirsdag 30. november kl. 18.00, Youngstorget" - (og kanskje andre stader).

Eg vonar mange møtte opp, og at stemninga var på topp.

Her til lands skjer det mykje i høve til dette WTO-møtet, og spørsmåla
omkring det. Sjølv har eg engasjert meg i arbeidet til organisasjonen ATTAC:

http://attac.org/ang/index.html (på engelsk)

Det finst eit "Program för sammanslutningen Attac" på svensk:

http://attac.org/fra/asso/doc/plateformesw.htm

Eg trur det er byrjinga på ei stor folkeleg rørsle som etter berre halvtanna
år er blitt meir og meir internasjonal. Av ein eller annan grunn finst det
ingen norsk ATTAC-organisasjon (?) Den norske "venstresida" balar helst for
seg sjølv...

Staurset og andre... de får kikke innom.

Oddmund Garvik



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:43 MET