Re: Tosiffertabbe til 5000 Giga

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Tue Nov 30 1999 - 11:53:30 MET


Bjarne Naerum wrote:
>
> Litt mer om "Y2K" eller "år 2000"-problemet, som i bunn og grunn
> gjerne kan omtales som "tosiffertabben":
>
> Som nyutdanna dataingeniør foreslo norske Kirsti Berg allerede i 1974 å bruke
> fire sifre i årstall. Hennes historie kan kanskje si noe mer om vår tids -- og
> alle tiders? -- dyreste tabbe. (Og ørlite om det å være kvinne i databransjen)?
> http://w3.digi.no/digi98.nsf/pub/dd19991126153900ero5955748836

Det var ikkje så vanskeleg å *tenkje* på firesifra årstal i 1974, men
verre å gjere noko med det. Som Kirsti Berg også seier i den siterte
artikkelen:

> Du må forestille deg tiden. Selv på store anlegg var maskinminnet på
> 1024 kilobyte delt i mindre partisjoner, og de eksterne diskene var
> ofte mindre enn én megabyte.

"Maskinminne" (RAM) på 1024 kilobyte, også kjent som ein megabyte, fanst
nok ikkje på den tida. Kor store diskane var, hugsar eg ikkje, men
prisane var astronomiske. Det var ikkje nokon "dyr tabbe" å bruke
tosifra årstal i 70-åra; det ville ha vore eit meiningslaust sløseri å
bruke fire siffer. Det går eg ut frå at Kirsti Berg fekk høyre då ho
tenkte høgt om saka. At røynde folk ler av nyutdanna ingeniørar, er jo
trist og leitt, men dei fleste kjem over det.

Utover i 80-åra stilte saka seg annleis, eller burde ha gjort det. Mange
såg sjølvsagt problemet og endra tankegang i takt med fallet i prisane
på maskinvare. Men det var ikkje - og kunne ikkje bli - nokon samla
overgang til firesifra årstal over natta. Somme kritikarar ser ut til å
meine at databransjen er, eller burde ha vore, styrt av ein slags
kommandosentral som får alle deltakarar til å tenkje likt. Er det nokon
bransje som er fjernt frå ei slik styring, så må det vere denne. Å
snakke om *ein* tabbe er misvisande, det får det til å høyrast som om
eitt menneske (f.eks. Kirsti Berg) kunne ha endra historia.

Å forske på kva slags avgjerdsprosessar som var i funksjon den gongen,
og som i mange tilfelle gav dårlege resultat, kan vere interessant,
særleg dersom vi kan lære noko av det. 19. januar 2038 kjem mange
datasystem til å få problem, fordi det teljeverket som tel sekund etter
1. januar 1970 går fullt på den dagen. (Sjå f.eks.
http://www.howstuffworks.com/question75.htm.) Når passar det å ta *det*
problemet alvorleg?

> Min konklusjon:
> En ganske idiotisk tabbe som nå har kosta samfunnet dyrt, globalt med
> kostnader anslått til nærmere 5000 milliarder kroner (jf. tidligere innlegg).

Slike anslag er meiningslause. Tenk på eit tal, og du finn sikkert ein
reknemåte som gjev det svaret du vil ha.

> Dette altså i ei tid da "seriøse bransje-skribenter" blindt oppfordrer
> til økte IT-investeringer -- attpåtil på bekostning av gamle og syke.

Du har sjølv sitert Einar Ryvarden her på forumet. Han sette orda på
spissen, men du veit at det ikkje var slik han meinte det.
>
> Tabben bør få konsekvenser. Den bør i det minste slå tilbake på de ansvarlige
> fag/profesjoner i form av generelt svekket tillit og økt kritisk bevissthet.

Og kva tyder det i praksis? Kven er "de ansvarlige"? Bør vi ikkje vere
kritiske til alle fag og profesjonar - din eigen inkludert?

Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:43 MET