Re: Bare WW2 dyrere enn Y2K?

From: Birkeland Ottar (ottar.birkeland@redcross.no)
Date: Thu Nov 11 1999 - 13:37:53 MET


> >1) Kvifor har problemet oppstått, og bør nokon hengast for det?
>
Eg vil vise til mitt tidligare innlegg der eg gjennomgår det dårlige
systemet med copyright på software og hemmelig kildekode som hovedproblem.
Dette problemet gjer at dei som er interessert i at eit system skal bli
kvitt slike bugs som Y2K-problematikk ikkje kan løyse problemet og at dei
som kan løyse det (produsenten) ikkje vil, fordi han heller vil selge ein ny
versjon av progammet.

Eg meiner difor at den individuelle programmerer eller bedrift ikkje bør
hengast, men at vi bør arbeide for eit systemskifte. Og no snakkar eg om eit
systemskifte som ikkje fordrar at kapitalismen må forsvinne først; dei
fleste bedrifter vil ha fordel av eit slikt systemskifte sjølv om Microsoft,
Apple og Oracle (mellom andre) vil få mindre inntekter. Det er rett og slett
snakk om ein bedre organisering.

> >2) Er tiltaka for å løyse problemet fornuftige?
>
Nei, men med det dårlige systemet vi har, så må brukarane av datasystem
gjere det på den måten dei no gjer det. Med konsulentar som må analysere
program uten adgang til kildekode, og med produsentar som tvingar deg til å
oppgradere i staden for å reparere det gamle systemet, så blir det dyrt.

>3) Bør problemet skjerpe våre kritiske sanser mht. "samfunnets
digitalisering"?

Ja! Datamaskina er eit nyttig verktøy. Det er klart vi bør sjå på den med
eit kritisk blikk, men som sagt meiner eg det er organiseringa av
databransjen og softwareproduksjon som er problemet. Her treng vi kritisk
blikk på systemet, vi treng ikkje noko som liknar på 1800-talets
maskinknusarar.

>4) Bør problemet bidra til å "vekke" bl.a krefter på venstresida, som til
nå i stor
>grad har ignorert og/eller latterliggjort betydningen av IT ("hipt,
amerikanisert" osv.)
>og følgelig også alternative veier for utvikling og bruk av disse potente
teknologiene?

Ja. Vi er midt oppi ein enorm teknologisk revolusjon, med like stor
betydning som den industrielle revolusjon. Korleis vi organiserer denne nye
teknologien har sjølvsagt stor betydning. Det bør diskuterast, både ut frå
dagens kapitalistiske system og ut frå alternative samfunnsordningar.

>5) Hva skjedde, til slutt? (Denne delen får vi vente litt med... )

På Y2K kan vi få eit par begrensa svar om nokre månader. På spørsmåla rundt
den vanvittige sløsinga som pågår fordi folk må finne opp hjulet om att og
om att, må vi nok vente lenge på svar.

Ottar Birkeland



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:37 MET