Lenin om sosialismen

From: Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Date: Tue Oct 19 1999 - 21:47:37 MET DST


Hallo, KK-forum (mest Ormåsen og Stuff).

Eg hevda her ein gong at Lenin "skreiv så seint som i Staten og revolusjonen at i det sosialistiske samfunnet skulle makta gå fredeleg frå det eine partiet til det andre". Det vart ettelyst sitat for dette, noko eg lova å stilla opp med. No har eg undersøkt Skriften, og kan rapportera fylgjande:

a) Sitatet er frå den programmatiske artikkelen "Revolusjonens oppgaver" frå 1917. Grunnen til at eg blanda dette ihop med "Staten og revolusjonen" er nok at eit utdrag frå denne teksten er å finna i Ny Dag si Elan-utgåve av "Staten og revolusjonen" (dei har lagt til ein del andre Lenin-tekstar om same feltet).

b) Lenin er ikkje eksplisitt så prinsipiell som eg hevda ("i det sosialistiske samfunnet skulle makta gå fredeleg frå det eine partiet til det andre"). Det eg skreiv må kallast ei tolking av det Lenin skreiv, som var fylgjande:

"Ved å ta over hele makten kunne sovjetene ennå - og det er sannsynligvis deres siste sjanse - sikre en fredelig utvikling av revolusjonen, folkets fredelige valg av deputerte, en fredelig kamp mellom partiene innenfor sovjetene, prøving av de forskjellige partienes programmer i praksis, fredelig overgang av makten fra det ene parti til det andre".

Det framgår av teksten at dette er det Lenin ser på som YNSKELEG, noko han kallar "en mulighet som er overmåte sjelden i revolusjonshistorien", altså "en mulighet til å sikre en fredelig utvikling av revolusjonen". Alternativet til dette, som Lenin meiner kan/vil bli tvunge fram av valdeleg reaksjon, er ulike variantar av naudsynte avvik frå denne ynska utviklinga. Problemet på dette punktet i Sovjet var, som kjend, at avvika vart varige, og seinare hylla som "Proletariatets Diktatur".

c) Det manglar ikkje på setningar frå Lenins hand i "Staten og revolusjonen" som peikar i retning av at hans oppfatning var at proletariatets diktatur kunne og burde utøvast av eit demokrati. Mellom dei klåraste er truleg denne, henta frå avsnittet "Opphevelse av parlamentarismen":

"Utveien av parlamentarismen er selvsagt ikke å finne i avskaffelsen av de representative institusjoner og valgbarheten, men i forvandlingen av de representative institusjoner fra forsamlinger av pratmakere til "arbeidende" korporasjoner."

Det er verdt å merka seg at Lenin meinte det var "SJØLVSAGT" at ein ikkje skal avskaffa representative institusjonar og valgbarhet, at løysinga tvert imot ligg i å gjera det parlametaristiske liksom-demokrati om til eit verkeleg demokrati. (Ormåsen vil nok vita å avvisa den slags "demokratisk sosialisme" som Lenin her kjem trekkande med!) Det er for SEINARE sosialistar, etter etableringa av eittpartistaten og det stalinske regimet med tilhøyrande overbygnad, at dette ikkje lenger er sjølvsagt. For så vidt eit godt døme på den øydeleggjande verknaden herskarmarxismen frå Sovjet har hatt på revolusjonær teori, også her i landet.

Nok om det.

Mingus



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 13 2000 - 15:17:27 MET