Re: Studentpolitikere uten skamvett

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 15-06-01


On Fri, 15 Jun 2001, Clausen, Ivar Munch wrote:

> Ønsker Andresen et
> studentdemokrati som kun snakker når vi er enig?

Ynskjer studentane å bruka demokratiet sitt til å avskaffa det generelle
universitetsdemokratiet?

> Dersom Rektor, Prorektor og
> universitetsdirektør er enig, skal studentene da bare si at "vel vel, de har
> vært her lenger enn oss og vet mer."

Tilset dekanane og instituttstyrarane, og studentane vil ikkje eingong
vera i stand til å motarbeida dei på demokratisk vis.

> Vår oppgave er å fremme studentenes interesser. Ikke instituttledernes.

Og studentane har interesse av at instituttleiarne skal vera heva over
demokratiet gjennom tilsetjing? Ja ja, det er mykje som har endra seg dei
siste åra, ser eg...

Kanskje eg skal byrja å kjempa litt for tilsetjing av
studentrepresentantar frå sentralt hald. Då vil me få
demokratiforkjemparar som kan kjempa på heiltid for demokratiet, i staden
for å kjempa for i det heile teke å verta valde. Då hadde eg jammen hatt
eit truverdig demokratistandpunkt, ikkje sant?

> Dersom det er personer ved NTNU som misliker at vi driver med hva vi kaller
> for politikk så kan vi bare si: Beklager, men vi kommer til å fortsette. Det
> er den måten vi mener vi best får fremmet vår sak.

Eg er for demokratisk arbeid, so lenge det demokratiske arbeidet ikkje
gjeng ut på å avskaffa demokratiet.

Eg er òg for både det eine og det andre, men ser helst at måla vert nådde
på demokratisk vis, og ikkje at ein «får fremmet vår sak» ved å avskaffa
demokrati der det passar.

Jardar



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET