Re: Økonomisystemet - kritikk av kollegierepresentanter

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 15-12-00


Men kjære deg (og alle oss), har ikkje Universitetsdirektøren og slikt
folk (Rektor og sånt) slege fast tidlegare at kollegierepresentantar ikkje
har lov til å taka imot innspel eller informasjon frå veljarmassen sin?

Eg meiner å hugsa ein redaktør som ikkje fekk informera ein
kollegierepresentant om kva han meinte.

Og ein økonomidirektør som i alle fall ikkje fekk informera _alle_
kollegierepresentantane.

Og ein kollegierepresentant som fekk skjenn fordi kan trudde at han hadde
lov til å informera veljarmassen gjennom ntnu-debatt om kva som skjedde på
dei opne kollegiemøta.

Det er med andre ord vedteke av Den Øvste Direktør og Hans Rektor at dei
som vert valde til Kollegiet, ikkje representerer dei som vel dei til
Kollegiet.

Jardar



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET