Re: Gemini

From: Ole_Anders_Sandtrøen (sandtroe_at_stud.ntnu.no)
Date: 01-12-00


Det kunne jo være en ide å abonnere på Apollon som er forskningsmagasinet for universitetet i oslo. Den er gratis, bare gå på denne websiden og bestill.

http://www.apollon.uio.no

----- Original Message -----
From: "Jardar Eggesbø Abrahamsen" <jardar_at_nvg.ntnu.no>
To: <ntnu-debatt_at_itk.ntnu.no>
Sent: Thursday, November 30, 2000 9:17 PM
Subject: Re: Gemini

> On Thu, 30 Nov 2000, Bård Kjos wrote:
>
> > Kan du avklare for meg om ryktene faktisk har rot i virkeligheten, Jardar? Det
> > du skriver gjør det farlig lett å konkludere med at så er tilfelle...
>
> Eg ser Schrödingers katt kvar veke, og les gjerne Illustrert vitenskap og
> andre populærvitskaplege tidsskrift med hovudvekt på teknologi og
> naturvitskap. Her medrekna Gemini.
>
> Korleis det er med andre dragvollingar, veit eg ikkje, men det ville undra
> meg om eg var den einaste. Me er trass alt vanlege menneske her òg.
>
> På ei anna side er det sjølvsagt viktig for dragvollingane å presisera at
> sjølv om dei kjem frå «NTNU», so er ikkje «NTNU» eit
> teknisk-naturvitskapleg universitet, anna enn i namnet og profilen, og at
> språk- og litteraturforskarane her (og historikarane og alle andre på
> Dragvoll) er fagfolk innanfor dei områda som fagfolka sjølve seier. Dette
> er eit utslag av det villeiiande namnet til universitetet.
>
> I tillegg kjem sjølvsagt den naturlege reaksjonen imot å verta påtvinga
> ein «NTNU-identitet». Hadde me fått namnet «Noregs humanistiske
> universitet» i staden, med humanistisk hovudprofil og greier, so hadde det
> nok vorte tilsvarande murring på Gløshaugen òg.
>
> Psykologar og antropologar kan kanskje analysera dette betre enn eg. Men
> det er vel ikkje so uvanleg at grupper som føler seg pressa, vert veldig
> merksame på sin eigen identitet, gjerne på måtar som skaper eit uheldig
> klima.
>
> Greitt, dette er Karsten Jakobsen, Jon Lilletun og Gudmund Hernes si
> skuld. Det hindrar meg likevel ikkje i å vera medlem i Norsk astronautisk
> forening og Norsk astronomisk selskap, og å ferdast mellom teknologar og
> naturvitarar. Men for universitetet vårt som institusjon er det sjølvsagt
> veldig uheldig. (Og er elles ein annan debatt enn Gemini/Språknytt.)
>
>
> > Problemet er vel helst - hvis min hypotese om at Gemini faktisk ikke
> > koster NTNU et øre er riktig - å finne noen som har økonomi til å produsere en
> > liknende sak med humanistisk/samfunnsvitenskapelig profil, og å distribuere
> > denne gratis innenfor universitetsmiljøet.
>
> Det var dette eg var ute etter, at i den grad det skulle kosta
> universitetet noko å fôra oss med Gemini, so ville det vera meir naturleg
> å sponsa oss på meir relevante måtar.
>
> Er det snakk om noko som er _gratis_ for universitetet, kan eg tilrå ein
> parallell til Gemini, nemleg Språknytt (som rett nok ikkje vert utgjeve i
> samarbeid med universitetet).
>
>
> > > I slike tidsskrift dukkar det av og til opp litt om teknologi òg.
> >
> > Javisst - og det er nok veeeeeeeeeeldig viktig for "gløsinger".
>
> Eg seier meg lei for utbrotet mitt i stad. Då Ottesen skulda meg for å
> sutra, kom eg i skade for å verta sur, og tok igjen på same måten (sidan
> Gemini har «litt» om humaniora). Dei gløsingane som eg kjenner sjølv, er i
> alle fall fornuftige menneske. (Ja ja, eg veit om ein gløsing som ikkje er
> fornuftig, men so veit eg òg om ein dragvolling i same kategori. Til og
> med ein lading.)
>
>
> > Aller helst ville vi nok også hatt "litt teknologi" både i Hamlet og Sult også
> > - i hvert fall et lite avsnitt om vekselstrømstransformatorer innledningsvis.
>
> Nei, lat oss no ikkje blanda saman gløsingar og stortingsrepresentantar.
> :) Eg snakka med ein apbeidarpartifyr på Stortinget i mars 1995 (de hugsar
> kva som hende då...), og han hevda hardnakka at det var viktig å vinkla
> studiet i norrønt på ein tenologisk måte. Han visste ikkje korleis det
> skulle skje i praksis, for han hadde ikkje peiling på norrønt, sa han, men
> slo fast: - Me vedtek ting, ekspertane seier at det ikkje lèt seg gjera,
> men når me har vedteke det, so klarer dei det likevel.
>
> Jardar



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET