Re: Gemini

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 30-11-00


On Thu, 30 Nov 2000, Bård Kjos wrote:

> Kan du avklare for meg om ryktene faktisk har rot i virkeligheten, Jardar? Det
> du skriver gjør det farlig lett å konkludere med at så er tilfelle...

Eg ser Schrödingers katt kvar veke, og les gjerne Illustrert vitenskap og
andre populærvitskaplege tidsskrift med hovudvekt på teknologi og
naturvitskap. Her medrekna Gemini.

Korleis det er med andre dragvollingar, veit eg ikkje, men det ville undra
meg om eg var den einaste. Me er trass alt vanlege menneske her òg.

På ei anna side er det sjølvsagt viktig for dragvollingane å presisera at
sjølv om dei kjem frå «NTNU», so er ikkje «NTNU» eit
teknisk-naturvitskapleg universitet, anna enn i namnet og profilen, og at
språk- og litteraturforskarane her (og historikarane og alle andre på
Dragvoll) er fagfolk innanfor dei områda som fagfolka sjølve seier. Dette
er eit utslag av det villeiiande namnet til universitetet.

I tillegg kjem sjølvsagt den naturlege reaksjonen imot å verta påtvinga
ein «NTNU-identitet». Hadde me fått namnet «Noregs humanistiske
universitet» i staden, med humanistisk hovudprofil og greier, so hadde det
nok vorte tilsvarande murring på Gløshaugen òg.

Psykologar og antropologar kan kanskje analysera dette betre enn eg. Men
det er vel ikkje so uvanleg at grupper som føler seg pressa, vert veldig
merksame på sin eigen identitet, gjerne på måtar som skaper eit uheldig
klima.

Greitt, dette er Karsten Jakobsen, Jon Lilletun og Gudmund Hernes si
skuld. Det hindrar meg likevel ikkje i å vera medlem i Norsk astronautisk
forening og Norsk astronomisk selskap, og å ferdast mellom teknologar og
naturvitarar. Men for universitetet vårt som institusjon er det sjølvsagt
veldig uheldig. (Og er elles ein annan debatt enn Gemini/Språknytt.)

> Problemet er vel helst - hvis min hypotese om at Gemini faktisk ikke
> koster NTNU et øre er riktig - å finne noen som har økonomi til å produsere en
> liknende sak med humanistisk/samfunnsvitenskapelig profil, og å distribuere
> denne gratis innenfor universitetsmiljøet.

Det var dette eg var ute etter, at i den grad det skulle kosta
universitetet noko å fôra oss med Gemini, so ville det vera meir naturleg
å sponsa oss på meir relevante måtar.

Er det snakk om noko som er _gratis_ for universitetet, kan eg tilrå ein
parallell til Gemini, nemleg Språknytt (som rett nok ikkje vert utgjeve i
samarbeid med universitetet).

> > I slike tidsskrift dukkar det av og til opp litt om teknologi òg.
>
> Javisst - og det er nok veeeeeeeeeeldig viktig for "gløsinger".

Eg seier meg lei for utbrotet mitt i stad. Då Ottesen skulda meg for å
sutra, kom eg i skade for å verta sur, og tok igjen på same måten (sidan
Gemini har «litt» om humaniora). Dei gløsingane som eg kjenner sjølv, er i
alle fall fornuftige menneske. (Ja ja, eg veit om ein gløsing som ikkje er
fornuftig, men so veit eg òg om ein dragvolling i same kategori. Til og
med ein lading.)

> Aller helst ville vi nok også hatt "litt teknologi" både i Hamlet og Sult også
> - i hvert fall et lite avsnitt om vekselstrømstransformatorer innledningsvis.

Nei, lat oss no ikkje blanda saman gløsingar og stortingsrepresentantar.
:) Eg snakka med ein apbeidarpartifyr på Stortinget i mars 1995 (de hugsar
kva som hende då...), og han hevda hardnakka at det var viktig å vinkla
studiet i norrønt på ein tenologisk måte. Han visste ikkje korleis det
skulle skje i praksis, for han hadde ikkje peiling på norrønt, sa han, men
slo fast: - Me vedtek ting, ekspertane seier at det ikkje lèt seg gjera,
men når me har vedteke det, so klarer dei det likevel.

Jardar



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET