RE: NTNUs økonomidirektør gir opp

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 17-11-00


On Fri, 17 Nov 2000, Bjørn B Larsen wrote:

> Dette er bare et problem dersom man ønsker at det skal være et problem. Om
> Kollegiet (styret ) ønsker å stille spørsmål direkte til ØD, så sørger de
> for å innkalle denne til sitt neste møte. Dersom Kollegiet ikke gjør dette,
> så må vi anta at ingen i Kollegiet fremmet et slikt ønske eller at at et
> slikt ønske ble avvist av fletallet i Kollegiet.

Når rektor avviser eit framlegg om at ØD skal få høve til å forklåra seg
(i referatet frå Trond var det ikkje sagt noko om «fleirtalet»), og når me
frå før veit at kollegiemedlemer som gjerne vil ha fyrstehandsinformasjon,
ikkje har lov til å oppsøkja slik informasjon sjølve, so finn eg berre
eitt å seia:

> Er det ikke det vi liker å kalle demokrati?

Ikkje eg.

Derimot minner dette meg om den mentaliteten me finn mellom
ungdomsskuleelevar: «Den informasjonen som ikkje kjem til oss via
pensum/læraren, må me for all del ikkje vita noko om.»

Ser me lagnaden til Universitetsavisa i ljos av dette, vert alt med eitt
so mykje tydelegare.

Eg skjemmest over universitetet mitt.

Jardar



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET