Re: NTNUs økonomidirektør gir opp

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 16-11-00


On Thu, 16 Nov 2000, Tore R. Jorgensen wrote:

> Dessuten tror
> jeg medarbeidere er tjent med dette fordi det gjør at lederen må legge vekt
> på realiteter, kompetanse og ærlighet i egen organsisasjon.

Når underordna medarbeidarar fær munnkorg, og ikkje har lov til å forklåra
seg for den instansen som har tilsett dei, då er det ingenting i vegen for
at leiaren kan leggja vekta på anna enn realitetar, kompetanse og
ærlegdom. Eg skuldar ikkje UD for uærlegdom i denne konkrete saka, men
prinsippet om at tilsetjaren ikkje skal få snakka med sine tilsette,
verkar urimeleg.

Dersom no UD ikkje har noko å skjula, skulle det ikkje vera noko merkeleg
om økonomidirektøren fekk høve til å gjeva fyrstehandsinformasjon, i
staden for å gå via ein mellomlekk som ikkje er kompetent til å svara på
meir enn det økonomidirektøren på førehand har gissa seg til kan vera
aktuelle spørsmål frå kollegiet.

Jardar



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET