Re: "Nokså god"....

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 18-08-00


On Fri, 18 Aug 2000, Trond Andresen wrote:

> Kan en norsk-faglig kompetent kollega eller student forklare meg hvorfor
> "nokså godt" betyr dårligere enn "god"?

Sist eg var elev ved ein skule som hadde eit slikt nusseleg karaktersystem
som ein no skal innføra ved denne flotte, framsynte og forferdeleg vaksne
institusjonen vår, heitte denne karakteren, om eg hugsar rett, ikkje
«nokså godt» men «noko godt».

At det er «noko» som er rett, og ikkje «nokså», talar òg slangformene
«någen» og «nuggen» for, former som truleg har samanheng med dansk
«nogen», med overgangen k > g mellom vokalar.

Grunnskulen har vel no gått over til talkarakterar (rett meg om eg tek
feil), so då er det vel ikkje anna å venta at vår barndoms karakterskala
har vorte forskuva vidare i einskapsskulesystemet, og heilt opp til
universitetsnivå. Noko seier meg at det er nokre (ikkje alle...) av dei
same kreftene som vil tilbake til barndommens karakterar, som òg ivrar for
å pynta litt på ein karakter som elles hadde sett litt dårleg ut i
karakterboka. Om det er ein samanheng i dette samantreffet, veit eg ikkje.
Men sjølv kjem eg heldigvis ikkje til å nyta godt av denne oppgraderinga
av nuggen...

Jardar
elev i grunnskulen 1977-86



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET