"Forsking som ei olympisk grein"

From: Trond Andresen (trond.andresen_at_itk.ntnu.no)
Date: 04-05-00


Kollegiet har nettopp vedtatt hva som skal være "sentre for
fremragende forskning" ("Centers of Excellence") ved NTNU.

Jeg synes følgende fra siste DAG OG TID, se
http://www.dagogtid.no/arkiv/2000/18/bremer ,
er tankevekkende.

Trond Andresen

********************************************

Forsking som ei
olympisk grein

Mens det gamle
allmennvitskaplege forskingsrådet
såg det som si oppgåve å
stimulere så mange forskarar som
råd, nektar Det norske
forskingsråd å ta på seg den
oppgåva. I staden vil rådet utvikle
"sentra for framifrå forsking".
Forskingsrådet forvekslar den
vitskaplege arenaen med ein
olympiastadion, meiner den
pensjonerte professoren Jon
Bremer.

Dag og Tid nr. 18, 4. mai 2000

Kronikk

Er det samanheng i norsk forskingspolitikk?

Det norske forskingsrådet styrer det meste av våre mobile forskingspengar
(halvannan milliard). Alternativ finst omtrent ikkje. No vil Forskingsrådet
utvikle “sentra for framifrå forsking”. Vil det skape “det gode
universitet”, spør Jon Bremer, pensjonert professor.

I desse dagar flytter norsk medisin med eit hundretals professorar inn i det
nye Rikshospitalet med kliniske avdelingar, bibliotek og grunnforsking. Alle
har plikt til å forske - for å sikre kvaliteten i norsk medisin og
undervisning. Prislappen for den nye universitetsklinikken er sju
milliardar kroner - eller ein vinterolympiade. Eg veit ikkje om det er
samanfallet i pris som har fått Det norske forskingsrådet til å forveksle
den medisinske arenaen med ein olympiastadion der ein peikar ut
gullmedaljevinnarar som skal gje oss internasjonal prestisje. Rådet meiner
at Noreg kan og bør vere i forskingsfronten på eit fåtals område, så no
har det invitert universiteta til å peike ut grupper som kan utvikle seg
til slike “sentra for framifrå forsking”. Det blir vel tale om ein-to på
kvart av våre fire universitet?

Det medisinske fakultetet i Oslo sende invitasjonen vidare til sine
forskarar, og bad meg vere “meddommar” i konkurransen mellom meir enn 20
deltakarar. Denne invitasjonen frå fors-kingsrådet fekk meg til å hugse da
sonen min ein dag kom heim frå skulen og ivrig fortalde at “i dag var det
eit fælt leven i klassen”. Vi spurde kva som var skjedd. Den nye læraren
hadde bedi ein elev hente ei bok i biblioteket, og hadde lagt til “Og så
kan du ta med ein av dei andre”. Da storma halve klassen fram og ropte “Ta
med meg, ta med meg”.

Utstyr utan forskarar

Ein professorkollega som ikkje deltok, har flytta inn i eit flunkande nytt
universitetsinstitutt ved sida av det nye Rikshospitalet, ideelt plassert
for samarbeid med hospitalet. Prislappen for det instituttet må vere minst
hundre millionar. I det instituttet står det i dag nytt, hypermoderne
utstyr for ti millionar. Det var påfallande stilt i laboratoriet hans - så
eg spurde kva slag forskingsgruppe han no hadde? To studentar - og 20.000
kr frå universitetet til drift. Han spøkte ikkje. Det nye laboratoriet hans
ville vere ei ideell ramme for tre-fire stipendiatar og eit par ingeniørar
i tillegg til hovudfagsstudentane. Driftsbudsjettet for ei slik medisinsk
forskingsgruppe i dag er ein million kroner pluss løner, sosiale utgifter,
og etter kvart midlar til vedlikehald og fornying av utstyret.

Denne kollegaen har eg kjent gjennom mange år som litt av eit “sentrum for
framifrå forsking”, sitert i internasjonal litteratur, med internasjonale
samarbeidspartnarar, og aktiv i universitetsundervisninga. Det er dusinvis
av slike “sentra for framifrå forsking” ved universiteta med
internasjonale og tverrfaglege kontaktar, og ofte med gjesteforskarar. Ein
kollega ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet gav sitt problem i eit
nøtteskal “Korleis skal eg kunne utdanne hovudfagsstudentar når eg ikkje
får forskingsmidlar til mine prosjekt?”

Naturvitskapleg grunnforsking

Norske styresmakter har lova opprusting av norsk grunnforsking. Dei har nok
ei aning om at det er samanheng mellom grunnforsking og kunnskapsnivå i ein
“kunnskapsnasjon”. Difor skapte samfunnsforskaren Hernes Det norske
forskingsråd som no skal programstyre oss fram til kunnskapssamfunnet ved
hjelp av “sentra for framifrå forsking”. Resultatet av ein slik politikk
trur eg blir ei lita “innegruppe” av forskingspolitikarar og
“eliteforskarar” som blir konsulentar for vårt einaste forskingsråd, og
som lagar programma det styrer etter. I Sverige har det vori bråk kring
Løntakarfonda som er forvandla til forskingsfond, på grunn av liknande
tendensar.

Eg har også ein stygg mistanke om at det er litt for mange av våre
forskingspolitikarar som lite anar korleis medisinsk- og naturvitskapleg
grunnforsking fungerer i kunnskapssamfunnet. La meg konkretisere den
funksjonen med eitt døme

I 1997 fekk den danske kirurgen Jens C. Skou Nobelprisen i kjemi. Legg
merke til, han fekk prisen i kjemi, ikkje i medisin. At kjemikarar har fått
prisen i medisin, har hendt ofte og undrar ingen som har litt innsyn i
korleis kjemisk kunnskap er ein føresetnad for dei fleste framstega i
medisinen, men korleis kunne det omvendte skje, at ein kirurg får prisen i
kjemi?

Skou har sjølv fortalt om det i skriftserien People and Ideas(Folk og
idear) gjevi ut av det amerikanske fysiologiselskapet. Den artikkelen burde
vere pensum for alle forskingspolitikarar.

Saltpumpa

Som kirurg var han interessert i lokalbedøving, for, som han
seier “å unngå ubehaget ved eteranestesi”. Skou hadde forskarambisjonar og
utvikla ein idé om at lokalanestetika verka på reaksjonar i cellemembranen i
nervecellene, og at dette skulle hindre overføring av smerteimpulsane.
Acetylkolin er ein viktig impulsformidlar i hjernen, så han starta med å
studere reaksjonen som bryt ned dette stoffet. Desse forsøka gav lite.
Samstundes studerte han litteraturen som forskarar flest, på utkikk etter
andre reaksjonar han kunne teste ideen sin på.

“Eg las om ein magnesium-stimulert reaksjon (kalla ATPase) i nervefibrane
til blekksprut”. Han hadde ikkje slike blekksprutar, så han prøvde med
krabbenervar. I dei forsøka oppdaga han at ikkje berre magnesium, men også
vanleg salt stimulerer denne reaksjonen. Han forstod at dette var viktig,
fordi reaksjonen kunne ha med salt-transporten gjennom alle cellemembranar
å gjere. “Interessa mi var lokalanestesi, så det forstyrra planane mine at
eg plutseleg hadde i hendene det som såg ut til vere saltpumpa”. (På det
tidspunktet var den livsviktige salt-transporten gjennom cellemembranar av
heilt ukjend kjemisk natur).

Han skreiv og heldt foredrag om funna sine, også på eit møte i Buenos Aires
i 1959. “Professor Hodkin inviterte meg til lunsj for å høyre meir om
enzymet. Interessa hans gjorde inntrykk på meg, og eg byrja forstå at
identifiseringa av saltpumpa hadde ei viss interesse”. Skous konklusjon
etter Nobelpris og verdsry burde vere interessant for alle
forskingspolitikarar “Hadde saltpumpa ikkje blitt oppdaga i Århus, så
ville ho sikkert blitt oppdaga ein annan stad. Men oppdaginga skaffa
instituttet kontakt med den internasjonale vitskapsverda”.

Mangfald

Dette er grunnforsking i eit nøtteskal Interesse for forsking, idear (ofte
galne idear), forsøk, litteraturstudiar, tilfeldige observasjonar, evne til
å forstå betydninga av slike observasjonar (“serendipity”), og eit
sluttresultat som er viktig langt ut over utgangsideen.

Århus blei sjølvsagt eit “senter for framifrå forsking” i mange år etterpå,
og la meg legge vekt på etterpå. Skous bragd er tenkjeleg berre der
forskingspolitikken tar vare på mangfaldet, som også gjev plass for ein
kirurg med ein god (men feil) hypotese. Til det treng vi eit forskingsråd
som ser si oppgåve i å skape rom for slike personar og smågrupper.

Dagens norske forskingspolitikk har gløymt universiteta og
universitetsklinikkane som naturlege arenaer for slik mangfaldig forsking og
for formidling av den internasjonale kunnskapsfronten som fylgjer med.
Universiteta har mange fag, mange forskarar og mange kunnskapsfrontar å
formidle, fyrst og fremst til studentane på alle nivå. Det er ei gåte
korleis fem-seks “sentra for framifrå forsking” skal løyse den oppgåva.

For ei tid sidan sa kollegaen til Hernes, samfunnsforskaren Knut Ringen, at
grunnforsking like godt kunne leggjast utafor universitetet.
Samfunnsforsking er vel framleis på eit så enkelt fagleg nivå at Hernes og
Ringen kan formidle resultata sine til samfunnet i Dagbladet. I naturfag og
 medisin må vi i hovudsak gå vegen om studentane, dei framtidige ekspertane
i næringsliv, helsestell og styringsverk.

Haldningsendringar

Aftenposten har også ei enkel oppskrift og trur vi kan rette opp vår status
som medisinsk B-nasjon med haldningsendringar hjå legane.

Politikaren Opseth vil byggje IT-senter for milliardar på Fornebu. India
har visst satsa stort på å utdane IT-ingeniørar, så Opseth kan kanskje finne
eit par tusen IT-ekspertar der. Dei norske er alt mangelvare.

Direktør Hambro i Forskingsrådet spør kva universitetet kan bidra med i
norsk forsking, men driftsløyvingane der til forsking har fordunsta mellom
anna fordi universitet har underskot på lønsbudsjettet. Berre talet på
studentar, studieplanar, administrasjon og kontroll har voksi i omfang, og
professorane byrjar sjå seg om etter anna sysselsetting. Det gamle
allmennvitskaplege forskingsrådet (NAVF) såg det som si primære oppgåve å
stimulere så mange forskarar som råd ved universiteta. Det nye
forskingsrådet nektar å ta på seg den rolla.

Det norske forskingsrådet styrer det meste av våre mobile forskingspengar
(halvannan milliard). Alternativ finst omtrent ikkje. No vil Forskingsrådet
utvikle “sentra for framifrå forsking”. Vil det skape “det gode
universitet”? Eg veit ikkje kor mange av Noregs fleire tusen
universitetsprofessorar det blir plass til i slike sentra, hundre? Dei
privilegerte slepp vel å undervise også.

Spørsmålet er kvar vi må få haldningsendringar som vil bety noko for norsk
grunnforsking og universitetsundervisning Hjå politikarane, som morar seg
med olympiadar, flytog og luftslott på Fornebu, hjå våre kapitalistar, som
morar seg med ridehestar, fotball og racerbåtar, i Forskingsrådet, som ser
lukka i olympiske (forskings)medaljar, eller mellom professorane, som snart
må forske på fritida?

Jon Bremer

© Dag og Tid



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET