RE: Mjøs-utvalget: NTNU skal styres utenfra

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 02-05-00


On Tue, 2 May 2000, Håvard Ravn Ottesen wrote:

> Å rekruttere Rektor fra indre rekker alene gjør at Rektor har et
> legtimitetsproblem - er han talsmann for fagmiljøet han kommer fra - eller
> er han talsmann for NTNU. Dette jamfør universitetspolitiske debatter om
> viktigheten av et det er en Rektor med NTH bakgrunn og så videre... Hvems
> sak er det en slik Rektor taler ??? [Siste anmerkning uten kobling mot
> dagens Rektor].

So i staden skal spørsmålet vera om rektor er talsmann for Universitetet
eller for Hydro Aluminium?

Me veit alle kva det vil seia om rektor skal vera ekstern (og om
fleirtalet i kollegiet òg skal vera det): Det er teknologi og næringsliv
som vil sitja med makta då, noko som vil skapa endå større spenningar
internt mellom Gløshaugen og Dragvoll.

Og kvifor kan me vera so sikre på at det er teknologi og næringsliv som
vil koma inn, og ikkje skuleverk, kunstinstistusjonar o.a.? Det er berre å
sjå på kva som skjedde då me fekk dei to eksterne i dagens
kollegiesamansetjing: Det var KUF som insisterte på at dei eksterne
representantane _skulle_ koma frå næringslivet, av omsyn til dei
tradisjonane som NTH hadde med å samarbeida med næringslivet (St.meld. nr.
24 (1995-96)).

Det vart sagt i 1995 at NTNU-namnet ikkje var viktig, og at det i alle
fall ikkje var farleg for dei humanistiske miljøa. Sidan har me sett at
NTNU-namnet har vorte brukt som argument for meir eksplisitte
prioriteringar av den hovudprofilen som visst nok heller ikkje skulle vera
farleg for Dragvoll. Eg torer hevda at dersom den sterke eksternstyrte
modellen vert tvinga gjennom, vil NTNU-namnet verta drege fram som
argument for å ha eit næringslivsstyrt kollegium.

So om det er frykt for intern strid ved Universitetet, med spørsmål om
kven som representerer kva, so ville det vera eit lite klokt påfunn å ha
ekstern rektor eller eksternt fleirtal.

> Det største argumentet for et eksternt flertall er at det kan virke
> konfliktdempende mellom avdelingene / enhetene ved institusjonen [noe av
> argumentetasjonsrekket til Høgskolen i Stavanger].

Kva slags konfliktar har dei hatt i Stavanger? Eg spør fordi eg ikkje
veit, og fordi ulik bakgrunn kan føra til ulikt utfall av same tiltak.
Stavanger er jo ikkje Trondheim, og på Dragvoll er ikkje folk so veldig
glade over alt som eksterne folk skal bestemma (anten dei er eksterne ved
å koma frå Gløshaugen, eller ved å koma frå næringslivet).

> men når en kommer til kampen om
> kroner og ører, vil representantene i styret opptre som representanter for
> sine fagmiljøer i stedet for å være helhetstenkere.

Og det er synd. Men diverre for oss på Dragvoll har heilskapen fått ein
teknisk-naturvitskapleg profil og ditto namn.

> Bakdelen med et eksternt flertall kan være at vi vil få inngripen av
> rikspolitikken inn i universitetes styre -
[...]
> Vi vil derfor kunne få spor av politiske regimer i
> avgjørelsesstidspunktet som kan være uheldige.

Det har me jo allereie. Det at dei la ned UNIT, var jo eit resultat av at
nokre lite utdanna politikarar på Stortinget (i fremste rekkje Lilletun og
Djupedal) tykte at det var so «spennende». Det har vorte lagt føringar for
kva ein skal satsa på fagleg ved universitetet vårt. Dette kan vera langt
farlegare enn om det skulle koma inn folk som er plukka ut av folk frå eit
gjeve parti. For i alle parti finn ein både humanistisk og realfagleg
orienterte menneske. Det er ikkje sikkert at dette forholdet vil vera like
balansert når ein har ein «hovudprofil» å halda seg til, og når ein er
pålagd å ha næringslivet representert i kollegiet, slik det altso allereie
er.

So den ulempa som vert peikt på i førre sitat, er ikkje anna enn ei
utviding av lista over uheldige saker og ting.

> være uheldige. En må derfor ta høyde for at eksterne medlemmer oppnevnes
> blandt det utvalget personer universitetet [Kollegierådet] og fylkeskommunen
> i Sør-Trøndelag [utvalg for utdannig ???] foreslår.

Samd.

Jardar



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET