Re: KOLLEGIET 25-26/3, del 2

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 06-04-99


On Mon, 5 Apr 1999, Trond Andresen wrote:

> «REFS» AV UNDERTEGNEDE
[...]
> Andresen skal ikke på egen hånd ta opp problemer i administrasjonen ved å
> snakke med tilsatte om slike problemer. Han tror visst at hans rolle er å
> være «gravende journalist», eller som en annen sa, «tabloidjournalist». Og
> «...skal et enkeltmedlem i kollegiet overhodet ha rett til å stille spørsmål
> til administrasjonen?».

Lat oss gjera eit lite eksperiment, og skifta ut «kollegiemedlem Andresen»
med «stortingsrepresentant Andresen». Dersom ein folkevald (og
kollegiemedlem Andresen er folkevald) skal irettesetjast for å ha stilt
spørsmål til veljarane, so vil eg ærleg oppmoda Andresen om å oppføra seg
slik at han fær mykje refs framover.

> Han skal ikke skrive offentlig om slike problemer, dvs. ved å gjengi
> korrespondanse på Internett.

Dersom ein folkevald skal refsast for å prøva å innføra glasnost og
offentleg debatt kring dokument som i utgangspunktet er offentlege, so
vonar eg at Andresen vert den mest refsa kollegiemedlemen gjennom alle
tider.

> Og, «når et kollegium har
> tatt en beslutning, er det den alle skal fremme og fortelle om utad»
> (akkurat dette er ordrett fra rektor). Man skal ikke skrive egne
> betraktninger om hva som skjer i kollegiet,

Og dette skal vera eit universitet? Ein akademisk institusjon? Jamvel det
marknadsorienterte «charteret» til NTN«U» seier:

   NTNU skal dyrke evnen til kritisk vurdering [...]
   NTNU skal være et åpent og samfunnsengasjert universitet [...]

> for dette er urettferdig mot de
> som _ikke_ skriver slike betraktninger, det er helt uholdbart å skrive
> «kollegie-dagbok» på nettet.

I so fall bør nok Andresen be resten av kollegiet om orsaking for at det
ikkje engasjerer seg.

> Selve scenariet var slik: Rektor ba alle, etter tur, uttale seg om Andresens
> rolle (kollegiet har 13 medlemmer). Det ble m.a.o. en runde rundt bordet.

Systematisk offentleg audmjuking burde rektor ha halde seg for god til.
Skulle ein slik debatt om Trond Andresen finna stad, burde det vera Trond
Andresen sjølv som skulle senda innkallinga og vera ordstyrar.

> Men ingen reiste kritikk mot noe som måtte hadde
> skjedd fra min side på kollegiets _møter_. Dette betyr at du som leser
> dette, i akkurat samme grad som kollegiet sjøl, har tilgjengelig hele
> grunnlaget for kritikken

Du vart med andre ord refsa for å ha ytra deg på måtar som ikkje svarar
til universitetets offisielle politikk. At kritikken gjekk på slikt som
skjer når du ikkje talar på vegner av kollegiet, er eit faresignal for
alle oss som mottek løna vår frå NTN«U», og eit implisitt krav om
politisk «lojalitet» mot rektor & co. Og dette klaffar jo fint med det me
allereie har høyrt om ytringsfridom og fri debatt etter 1.1.1996. Lat meg
berre minna om Spjøtvolls ommelde og udementerte freistnad på å sensurera
Indonesia-oppslaget i Universitetsavisa 12.9.1996 (UD 3.10.1996).

UNIT/NTNU -- frå universitet til forretningsimperium.

Eg er freista til å be deg som kollegiemedlem sjå om du kan få til ein
aldri so liten refs med offentleg audmjuking av meg fordi eg har skrive ei
bok der eg ikkje har vore samd i universitetets offisielle politikk, at eg
dertil har ytra meg i massemedia, og tillate meg å vera usamd med rektor.
At eg har dokumentert fusk med høyringane i Underdal-utvalet, og at eg har
referert informantar som kan rapportera om forfalsking av møtereferat i
charter-komiteen, det burde jo kvalifisera til kraftige reaksjonar mot meg
for illojal offentleggjering av forretningsløyndomar. Og at eg i det heile
teke både les og skriv på denne lista, SAMSTUNDES som eg arbeider ved
universitetet, det er vel berre nok eit overtramp. (Tek du denne
oppmodinga alvorleg, er eg viljug til å stilla opp til refs.)

Jardar



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET