Re: Retningslinjer for instituttene (utkast)

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 17-02-99


> * vedta instituttets strategi. Strategien revideres regelmessig, og skal
> gjøre rede for [...] hvordan instituttet skal være konkurransedyktig.
[...]
> prosesser som bidrar til strategisk bevissthet og beredskap

Eg trur «strategi(sk)» må verta opplevt som eit særs vakkert ord av
somme... Dette innlegget er difor ikkje meint som noko konstruktivt
innlegg, men meir som eit hjartesukk over kor godt me gissa i 1995 då me
laga det fyrste flygebladet vårt, med ein karikatur over
teknisk-naturvitskapleg religionsvitskap. Me bomma berre litt. Det skulle
sjølvsagt ha vore _strategisk_ religionsvitskap.

Spesielt interesserte kan sjå nettversjonen av flygebladet på
heimefrontmuseet på
<http://www.nvg.ntnu.no/~jardar/NTNU/tekstar/flygeblad.html>.

Jardar



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET