Re: Katastrofane vekkjer berre sporadisk og forbigåande interesse

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 30-07-01


Det er stille sumar også på KK-forum, så det kan vel ikkje skade med eit
lite siste (?) ord under denne overskrifta...

> Denne svensken, 33 år gamle Bjørn Rugsten, var tidlegare humanitær
> hjelpearbeidar, liksom nordmannen Rønsen. Svensken hadde resirkulert seg
> innanfor shipping og heldt til i Kinshasa. Ein av kundane var Dara
> Forest...

I forskjellige afrikanske og franske kjelder ser eg at Rugsten også hadde
eit lastebilfirma (tømmer blir frakta både på elvar og vegar). Han
blei i følgje desse kjeldene bytta (sett fri) mot ein av lastebilane han
åtte.

Folk som driv med privat næringsverksemd i krigssoner, kallar ein
krigsprofitørar. Hjelpearbeidarar med bibelen, eller andre obskure
legendebøker under armen, kallar ein misjonærar - båe to er verksemder som
opp gjennom hundreåra gjekk hand i hand i koloniane. I dag er det viktige
element i det nykoloniale herredømmet, og eg har ein tendens til å setje
dei i same bås.

Dei som profiterer i ulukkene som den neoliberale/koloniale politikken
påfører det store fleirtalet av folket i verda, anten det er åndeleg
manipulasjon innpakka i humanitært arbeid, eller meir openlys materiell
utnytting til eigen fordel, fortener ikkje all den respekt og omtale som
er så vanleg i Vesten. Vestleg misjonsarbeid har ført med seg pest og
forderving mang ein stad. Dette må ein aldri gløyme.

Langt viktigare enn å skrive om "lagnaden" og "bragdene" til dei notidige
representantane for dette systemet, må ein heller sjå nærare på kva som
skjer, og aller helst kvifor det skjer. Hugsar eg ikkje feil, har
Klassekampen skrive ein del om dette. Elles finn ein som vanleg haugevis
av stoff på mange språk overalt på Internett.

Oddmund Garvik

PS: Eg fann dette sitatet i ei av notisbøkene mine frå ein artikkel som
Mumia Abu-Jamal skreiv for tre-fire år sidan. Det er framleis aktuelt:

<<<<<<<
The history of the nation since the 15th Century onwards, can be seen as
the history of European colonialism, resistance, independence, and
neocolonialism, followed by a prolonged resistance. From the so-called
Congo Free State, Belgian Congo, People's Republic of the Congo, Zaire,
and now the Democratic Republic of the Congo.

Many years ago, Frantz Fanon, in The Wretched of the Earth (1963) warned
of the threats from neocolonialism:
  
The former colonial power increases its demands, accumulates concessions
and guarantees and takes fewer and fewer pains to mask the hold it has
over the National government. The people stagnate deplorably in unbearable
poverty; slowly they awaken to the unutterable treason of their leaders.
This awakening is all the more acute in that the bourgeoisie is incapable
of learning its lesson. The distribution of wealth that it effects is not
spread out between a great many sectors; it is not ranged among different
levels, nor does it set up a hierarchy of half-tones. The new caste is an
affront all the more disgusting in that the immense majority, nine-tenths
of the population, continue to die of starvation.

Fanon's sage warning came true in the Congo and elsewhere in Africa, and
we can only hope that the nation's newest incarnation will mean a better
life for the Congolese people, with their rich natural resources turned to
bettering their lives.
>>>>>>>
ds.
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST