den "norske" mediedomstolen

From: Karsten Johansen (kvjohans@online.no)
Date: 28-06-01


Orderudsakens avslutning viser hva formålet med den sinnssyke
pressedekningen har vært: å ta neste skritt i å avskaffe rettstaten i Norge
og erstatte den med ren rettsvilkårlighet, styrt av boulevardpressa (hvori
opptatt Aftenpostens Harald Stanghelle). Samtidig viser "valgkampen" at
de siste restene av demokrati erstattes av gallupfiksert medietotalitarisme.
Resultatet blir den fullkomne lemenstaten, styrt av mediemobben og dennes
konge: Carlihagen. Arbeiderpartiets historiske verk er fullført.

Karsten Johansen

http://www.dagogtid.no/arkiv/2001/26/roald

Dag og Tid nr. 26, torsdag 28. juni 2001

Roald Helgheim: Dommen og rettskjensla

To engelske tenåringar er sette fri, åtte år etter at dei i tiårsalderen
mishandla ein to år gammal unge til døde. Det var eit stykke menneskeleg
råskap utført av to barn som skaka opp meir enn det britiske samfunnet. No
har dei i vaksen alder måtta gå i dekning fordi ein offentleg lynsjemobb med
god hjelp av tabloide media jaktar på dei, for å gje dei den straffa dei
«fortener». At dei under fangenskapet har fått hjelp til å utdanne seg og
komme på rett kjøl att her i livet, verkar som ein ekstra raud klut på
mobben, endå noko av vitsen med straff også er å føre dei dømde – som frå
før hadde ein ulukkeleg barndom – attende til samfunnet. At mor til offeret
har stilt seg i spissen for ein regulær hemnkampanje, gir saka ein ekstra
patos. Men kva er den allmenne rettskjensla i saka? At dei to skal bli
hengde i næraste tre?

Det tåkete juridiske omgrepet «allmenn rettskjensle» har vorte blankpussa
til bruk i Orderud-saka, no som grunngjeving for at dei dømde må sitje i
fengsel til saka kjem opp på ny. Etter lang tid på frifot var det brått den
allmenne rettskjensla som fungerte som juridisk premiss. Og i det spørsmålet
har media spela på lag med påtalemakta, i harmdirrande kommentarar om kor
opprørande det ville vere i folks auge om dei ikkje skulle setjast inn. «Er
det ikkje vel mykje surmuling frå forsvarsadvokatane ute og går», spurde ein
TV-reporter ein forsvarar som både måtte fortelje han kva jobben til ein
forsvarar er, og at vi har å gjere med ein dom som etter anken ikkje er
rettskraftig.

Omsynet til den allmenne rettskjensla kan vere eit nyttig omgrep i det
juridiske ordskiftet. Brukt som grunngjeving for ein dom høyrer det ingen
stad heime. Omsynet til pårørande er heller ikkje noko juridisk argument.
Poenget her er heller ikkje denne eller hin sitt syn på om dei dømde faktisk
er skuldige eller ikkje. Alle som har følgt litt med, har ikkje kunna unngå
å leggje merke til at omsynet til den allmenne rettskjensla har sveva som ei
ånd over retten sidan påtalemakta avgjorde at ho ville reise tiltale. Og når
dommen fell nesten som bestilt, får han allmenn applaus frå media, med VGs
Olav Versto i spissen. Han oppsummerer ikkje berre dommen som knusande, noko
han sjølvsagt er etter å ha gitt strengaste straff til tre av dei tiltale,
men også som sann og rett.

Slik eg ser det har media heile vegen vore med på å reie grunnen for kva som
skal forståast som rett, og kva blir den allmenne rettskjensla i folket då?
I byrjinga prøvde mellom andre advokaten Dag Steinfeld å stille spørsmål ved
den omfattande kommentarverksemda media dreiv med, som om dei var løpande
meddommarar. Tida har gitt kritikarane rett. At ålmenta blir påverka av slik
omtale, er sjølvsagt. Viktigare er det at alle påstandar om at ei rettsleg
avgjerd ikkje lar seg påverke av media, framstår som absurd. No har media
ikkje berre fått dommen sin. Dei sluttar seg til dommaren sin kritikk av
einskildadvokatar og -aktørar, og til reint moralske karakteristikkar av dei
dømde. I etterspelet blir også slektningar (med interesser på Orderud) som i
intervju oppsummerer både hovuddommen og fengslingsdommen som rett, brukt
som sanningsvitne. I kven si interesse snakkar dei?

Då påtalemakta utforma tiltalen til medverking til overlagt drap, var det
for å kunne få til ein dom utan fellande bevis. All medieomtale slutta seg
stort sett til det geniale i dette opplegget. I retten opna det for ein
alles kamp mot alle, der forsvararane til ein tiltalt i røynda fungerte som
hjelpeaktor mot ein annan. I sum verka dermed også ein del av forsvaret til
eit total-tilfang der påtalemakta kunne plukke det som høvde inn i deira
kram, truverdig eller ikkje. Kven som kom best ut av dette interne
slagsmålet, fortel dommen oss. Og det høyrer til det taktiske etterspelet at
forsvararane for dei andre tre no vonar at påtalemakta ikkje ankar den
mildaste dommen, slik at han ikkje kan spela noka rolle i det vidare
rettsoppgjeret.

Kva som hende på Orderud i pinsa for to år sidan får vi kan hende aldri
vite. Det vi har fått, er ein dom som byggjer på det retten ser på som eit
sannsynleg forløp. Ein dom som oppfyller lokalsamfunnet sitt nskje om «ro»,
og som oppfyller den «allmenne rettskjensla» media flest har vore med på å
underbyggje, og som dei etterpå sluttar seg til. Ikkje noko av dette
oppfyller kravet til at det ikkje skal vere rom for tvil om at dommen også
er rett.

Roald Helgheim

© Dag og Tid



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST