Re: Genoa stenges

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 18-06-01


Lun 18 juin 2001 13:23:45 +0200 (MET DST)
"Per I. Mathisen" <Per.Inge.Mathisen@idi.ntnu.no> a écrit:

> Vi ser en nå konturene av hva som kommer til å skje i etterkant av
> Gøteborg. Genoa kan bli den siste av denne typen demonstrasjoner.

Ja, men dette er vel ikkje så uventa. Dei kan sjølvsagt stengje seg inne,
og på denne måten endå djupare stigmatisere si eiga stilling og manglande
legitimitet. Lat dei berre forvandle Genova til festning. G7(8) er ein
sjølvutnemnd klikk, og legitimiteten som gruppe er alt null. Det er
likevel eit ironisk skjer over det når dei no knappar att teltet.

EU vil mure seg inne i Bruxelles. Lat dei berre gjera det. WTO søkjer meir
utilgjengelege stader, der massedemonstrasjonar er så godt som umoglege,
til hausten i Qatar:
http://www.itk.ntnu.no/ansatte/Andresen_Trond/kk-f/fra081100/0525.html

Dei kan halda fram slik enda ei stund. Kampen går vidare på andre måtar.
Ein må finne nye innfallsvinklar. Same kor mykje dei stengjer seg inne,
eller grev seg ned, vil dei bli konfronterte med mangelen på legitimitet.
Løysinga må bli å halda parallelle møte, som i Porto Alegre, byggje ut
uavhengige og alternative media (jf Independent Media Center), presentere
alternative løysingar på alle område, og kanskje viktigast av alt: drive
opplysningsarbeid.

Det skulle ikkje vera så vanskeleg, for den politiske, økonomiske og
sosiale situasjonen i verda talar i vår favør. Attac og alle dei andre
organisasjonane som slost mot den neoliberale globaliseringa, er komne for
å bli. Framtida ser slett ikkje så mørk ut som ho gjorde for nokre år
sidan.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST