SV: re: løvebrenning

From: Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Date: 14-06-01


Eg trur frølich misforstod det eg skreiv om det nasjonale "vi" frå
Fossen-manifestet. Det eg sikta til er formuleringar som denne.

«Hadde vi lagt fornuft og alvor bak vår vilje å skape en bedre verden,
hadde vi innsett at investeringer er politikk, og styrt vår formue etter
andre prinsipper enn profitt alene».

Det er dette "vi" eg meiner er ein (nasjonal) konstruksjon, abstraksjon og
det som verre er.

For ein litt lengre kritikk av denne typen logisk konformisme, les det eg
skreiv i Klassekampen om "manifestet". Tekst fylgjer.

Vonleg kan eg koma tilbake til Frølichs vidare utfordringar.

Respektfullt

Magnus

        
FRÅ KK 02.11.00:

Det er levert eit Politisk manifest 2000.
Dei som manifesterer
tenkinga si er Erling Fos-
sen, Sten Inge Jørgensen
og Morten Andreas
Strøksnes, alle journalis-
tar i Morgenbladet. Pam-
fletten tek ein time å lesa,
og forlaget er Pax.
Fossen og co manifeste-
rer seg som «generasjo-
nen som kom etter 68-
erne, etter ideologene og
systemtenkerne», og slår
fast at «vår generasjon
mangler en original og in-
sipirerende politisk ten-
ker». Eg går ut i frå at
denne pamfletten er
meint som eit lite bidrag
til å syna veg ut av denne
inspirasjonslause tilstan-
den. Slikt skal vi vera
takksame for og lesa med
interesse.
Ein lesar kan få inn-
trykk av at desse tre her-
rane ynskjer å gå radikalt
til verks. Kapitlet om ko-
pirett, til dømes: Profitt-
styringa av medisinsk for-
sking blir fordømt som
umoralsk, løysinga er å
«starte en nedbygging av
copyrighten innenfor en
rekke områder». Dette er
radikalt. Utfordringa av
ideen om nasjonalstaten,
kravet om gratis telefon
og internett og tanken om
eit utstrekt direktedemo-
krati der «mennesket må
gjenerobre sin natur, sitt
politiske vesen» er også

radikale brot med rådan-de praksis.
Men pamfletten er ikkje radikal. Viljen til å bryta med det etablerte på
avgrensa område kan ikkje vega opp for all den implisitte tilslutninga til
rådande tankemønster som teksten flyt over av. Vi snakkar her om ein
«logisk konformisme», ei tilslutning til
slik ordbruk og
slike forståings-kategoriar
som
ikkje utfordrar,
men tvert om
held oppe vår
tids hegemonis-ke
verdsbilete.
Det er ikkje
minst den nasjo-nale
myten Fos-sen
og co ligg
langflate for.
Skribentane sitt
ja til EU formulerast med
at «vi må være sammen
med de andre», og «som
gode vikinger må vi reise
ut i verden å lage et helve-te».
Den logiske konfor-mismen,
som ryddar veg
for politisk konformisme,
ligg her sjølvsagt i ordet
«vi».
Om Noregs internasjo-nale
engasjement kan vi
lesa: «Hadde vi lagt for-nuft
og alvor bak vår vilje
til å skape en bedre ver-den,
hadde vi innsett at
investeringer er politikk,
og styrt vår formue etter
andre prinsipper enn pro-fitt
alene». Igjen handlar
det om «vi» og «vårt».

I forlenginga av dette
knefallet for ideen om
at Noreg er fylt av eit
«vi» med sams interesser
i slike spørsmål, følgjer
ei lang rekke idealistiske
krav om ein altruistisk
stat. Til dømes blir Noregkritisert for å ha
ein handelspoli-tikk
som skal
tena norsk næ-ringsliv
(!).
Vidare kan vi lesa
at Noreg bør
«legge ned for-svarsindustrien»
og såleis «stille
seg i første rekke
av nasjoner som
stiller spørsmål-tegn
ved hvorvidt
krig og krigstek-nologi
er nødvendig for atmenneskeheten skal gå
framover».
Som vi kan sjå er den
politiske konsekvensen
av den logiske konformis-men
at Fossen og co lever
i eit klasselaust samfunn.
I sitt åtak på LO gjer dei
dette eksplisitt:
«En forutsetning
for den gamle
drømmen til
Marx kan gå i
oppfyllelse er
nemlig at motset-ningen
mellomarbeidsgiver og -taker blir
opphevet, ikke forsterket
slik LO er avhengig av for
å overleve».

Her er vi ved kjerna.
Som Thorbjørn Jag-land
og ei lang rekkje
konvensjonelle tenkjarar
trur Fossen og co at «de
nye høyteknologiselska-pene
i informasjonssam-funnet
kan oppheve skil-let
mellom arbeidsgiver-og
-taker». Dette er klas-sisk
teknologideterminis-me,
på samme måte som
Bernsteins «kapitalens
selvsosialisering» og re-formismen
i sosialdemo-kratiet,
samt Stalins
«bygging av sosialismen»
var teknologideterminis-tisk.
Den tekniske utvik-linga
skulle liksom
«løysa» klassespørsmålet.
Om eit politisk men-neske
skal ha lært noko
som helst av 1900-talet,
må det vera at den slags
«oppheving» av klassene
gjennom ein kombina-sjon
av retorikk og tek-nisk
utvikling aldri er
anna enn ei avsporing av
tanken om ei verkeleg
oppheving, som sjølvsagt
må skje gjennom ei
slik «forsterking» av
motsetnadene som
her blir kritisert.



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST