"Stortinget Attacert"

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 07-06-01


Aftenposten lanserer eit nyord i høve opprettinga av Attac Noreg -
"attacert". Denne avisa som freistar å vera seriøs, blir boulevardavis når
det passar. Eigaren er den same og spranget er ikkje stort.

Det fell desse eigarane, spekulasjonskapitalen og resten av
borgarskapet tungt for brystet at ei rørsle som Attac også fekk ein
avleggjar i Noreg. Dei har ingen sakleg argumentasjon å koma med,
og grip difor til dei klassiske våpna til mobben. Dei blir ein del av
mobben, ein del av den snuskete og lågpanna rørsla som alltid har slått
til mot framskrittet. Les ein kva desse avisene skreiv i tidlegare tider,
forstår ein at det slett ikkje er noko nytt. Dei fylgjer opp det dei
alltid har stått for, og stadfester seg sjølve.

I "avisa" VG "diskuterer" mobben Attac, men det er så tynt at ein berre
kan oversjå det:
http://vg.transact.no/Item.asp?GroupID=132&Group=Politikk%20-%20Norsk&ThreadID=67175&Thread=ATTAC-tøyseorganisasjon?

Lag brosjyrer om all den vald den transnasjonale marknadsøkonomien står
for, inkludert norske selskap. Gjer det detaljert og levande slik at folk
forstår kva det er snakk om. Vis korleis "markedet" øydelegg livet til
milliardar av uskuldige menneske. Agiter på grunnlag av dette, så vil
kanskje skuldingane om vald retta mot ei ikkjevaldsrørsle som Attac falle
gjennom av seg sjølv. Heng ut desse "avisene" som lyg medvite, i strid med
god presseskikk, for å tekkje andre interesser enn informasjon og
opplysing. Unngå å bruke tid og krefter på provokatørar som Fossen & Co.
Debattar med slike element er heilt fruktlause, liksom andre metadebattar.

Bygg ut det lokale Attac-nettverket. Lat dei få fnatt. Noreg er eit så
lite land at det vil vera vanskeleg å oversjå, eller teie om denne rørsla.
Verdssituasjonen viser at kritikken til Attac er rettmessig. Før eller
seinare vil dei koma på defensiven. Før eller seinare vil interessa for
politikk vekkjast til live att. Sjølv i Noreg.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST