Re: Fossen og co. misbruker ATTACs navn

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 07-06-01


Jeu 07 juin 2001 10:16:14 +0200
Trond Andresen <trond.andresen@itk.ntnu.no> a écrit:

> Fossen og Frølich kan ikke få både i pose og sekk: De kan ikke både
> vifte med ATTACs navn fordi dette er populært akkurat nå, og samtidig
> demonstrere for noe som i beste fall ikke vedkommer ATTAC, i verste fall
> står i motstrid til ATTACs grunnlag.
>
> En trøst er at Fossen er etter hvert er kjent som en så stor bajas at få
> tar ham alvorlig.

Det kjem ikkje uventa at "avisa" VG freistar å diskreditere Attac.
Etablissementet har ikkje noko sakleg svar på den blomstrande
antiglobaliseringsrørsla, og vel anten å omfamne ho, eller å henge ho ut.
Og så er det alltid like effektivt å fokusere på "vald" i samband med
slike rørsler. Problemet med dette er hovudsakeleg at VG har ein så stor
lesarskare, og at slike drypp er med på å påverke haldningar.

Eg kjenner som sagt ikkje fenomenet Fossen anna enn heilt overflatisk. Lat
oss vona at du har rett, at få tar han alvorleg. Han ikkje medlem av
Attac, og om han "aksjonerer" på denne måten i namnet til Attac og dette
blir slått opp i boulevardpressa, er det omlag like patetisk som
initiativet (kopien) til Unge Høgre - "Motattac". Fossen er sjølvsagt eit
reaksjonært fjols som har like lite å bidra med som "Motattac" og
avisa du refererer. Oppslaget var elles så grotesk at dei var nøydde til å
korrigere det litt: http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=1178174

Men det kjem nok meir av same slaget etterkvart...

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST