Proxima Estacion: Esperanza

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 05-06-01


Eg har ikkje funne statistikk om vêret enno... temperaturen er blitt litt
meir normal - 26-27 grader under vinlauvet. I ein vinpause frå hakkinga i
åkeren, såg eg fort gjennom dei norske avisene. Lite eller ingenting om at
det i dag er den internasjonale miljødagen, og at det også er 20 år sidan
ein oppdaga AIDS. Det er ikkje det at det forandrar stort. Det er berre
symbolsk.

Det einaste eg hengde meg opp i, var ein plateomtale. Det er sjeldan eg
les slikt i avisene, men denne stod (uventa) i Dagsavisen:
http://www.attac.org/fra/asso/doc/structures.htm

Omtalaren, Mode Steinkjer, er tydeleg begeistra, men det endar diverre som
vanleg opp i fjas og nordiske klisjear om det latinske og karibiske:

> Har du et snev av sans for de latinske og de karibiske rytmene og denne
> musikkens sensuelle og melankolske egenart, er «Proxima Estacion
> Esperanza» og Manu Chao rett og slett det perfekte selskap for varme
> dager, sløve netter, en del rom, to deler soda, sukker, mynteblader, is
> og følelsen av evig ferie.

På ei av dei karibiske øyene, Guadeloupe, er det no tørke
http://www.meteo.fr/meteonet/ Ein stad som i prinsippet har tropisk
(fuktig) klima... Folk held fram med å drikke 'ti punch og rhum i andre
former, men idyllen til plateomtalaren, er idyllen til dei som har for
mykje tid og pengar, dei som lever på toppen av pyramiden, som sløser,
brukar og kastar som det passar. Turistane frå den rike verda.

Det er vel kanskje vanleg å hoppe over konteksten ein viss musikk
oppstår i, og leggje eit reduserande slør over det heile. Sjølv om denne
plata er den minst politiske han har laga, må ein ikkje gløyme at Manu
Chao står på barrikadane i kampen mot den neoliberale globaliseringa. Han
er militant supporter av zapatistopprøret i Chiapas, og hadde fleire
konsertar der i samband med turneen i Sør-Amerika. Manu Chao er dessutan
ein av grunnleggjarane av Attac, og høyrer til "Collège des fondateurs":
http://www.attac.org/fra/asso/doc/structures.htm
Dei som les fransk, kan slå opp her for å finne fleire artiklar om Manu
Chao: http://forum.liberation.fr/musique/manuchao2001/index.html

Eg får putle meg ut på jordet att med åkertransistoren. Arbeidet går
lettare då. Nett no høyrer eg ein annan flott musikar, Soriba Kouyate frå
Senegal http://www.actmusic.com/act9288.htm

Det hender eg blir ståande å gynge i molda med grevet i handa, og gløymer
heilt kor eg er...

Eg skal prøve å finne vêrstatistikk for å prova at det eg og mange ser er
sant. Eg har leita litt overflatisk, men det må visst meir innsats til for
å finne noko brukbart. Ein god del meteorologisk statistikk er elles
"betalingstenester", og mykje av det er regionalt, eller knytt til
einskilde observasjonsstasjonar.

Det som verkar som ein ekstrem tendens, dvs. ei opphoping av ekstreme
klimafenomen, er eigentleg kaotisk, og vanskeleg å dokumentere. På den
eine sida har ein empirisk observasjon, på den andre sida svært
fragmentert og lite tilgjenegeleg statistikk. Det verkar som om mange har
interesse av å oppretthalde denne situasjonen. For min del forandrar det
ikkje så mykje.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST