Offentlege tenester (var Re: Sv: TelenOrWell?)

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 04-06-01


Lun 4 juin 2001 13:00:28 +0200
"Jan Frode Haugseth" <Jan.Haugseth@student.uib.no> a écrit:

> Jeg tror ikke de som har vært med i debatten er mer for liberaliseringa
> enn før. Men ingen her på forumet vel vel at private aktører skal ha
> monopol på å selge tjenester til forbrukere? Hvis alternativene står
> mellom privat monopol og flere private aktørerer i markedet, velger jeg
> det siste.

Likevel nyttar du (saman med det store fleirtalet her) produkta til eit av
dei største private monopola ein kan tenkje seg. Eit døme på total
prinsippløyse...

> Hvis Telenor hadde vært statlig styrt på en skikkelig måte, ville
> bredbånds- og høyhastighets-nett blitt bygd ut likt over hele landet til
> en fornuftig pris. Den slags monopol hadde jeg ikke hatt noe i mot å
> være med på. Det siste kommer imidlertid ikke til å skje på aldri så
> lenge, om i det hele tatt.

Dette er eit politisk spørsmål, ikkje eit spørsmål om personleg komfort.
Eg kjenner ikkje den norske situasjonen, men her i Frankrike er France
Telecom framleis statleg og i kvasi monopolstilling. Dvs. frå 1. januar
blei telemarknaden i prinsippet fristilt ("degroupement"), men det har
ikkje fått store praktiske konsekvensar førebels.

Eg har hatt internettoppkopling sidan 1993-94, og har i periodar nytta
private internettleverandørar. I byrjinga var det nokså kostbart, men
etterkvart har det blitt betre. Prisen på teljarskritta har sakte men
sikkert gått nedover. Ein er likevel langt frå det som er regjeringa si
målsetting når dei snakkar om "Internet pour tous" - internett for alle.
Finansminister Fabius gjekk i fjor inn for 1 time=1 franc som pris. Nett
no har eg eit 100-timars abonnement hjå France Telecom (teljarskritt
inkludert) til 270 franc i månaden. Det er eit av dei billegaste
alternativa nett no, men 2,70 franc i timen er nesten det tredoble av det
regjeringa seier dei går inn for...

I mellomtida kjem ADSL og kortsluttar dei tidlegare kalkylene. Til og med
gallarlandsbyen får ADSL om eit par veker. Då kan ein vera oppkopla heile
tida for 298 franc i månaden, på vilkår av at ein kjøper modemet til
snautt ein tusenlapp, og har ei maskin med ethernet, eller USB.

Smått om senn går prisane ned, og France Telecom kjem sakte men sikkert ut
av tvangstrøya og dei dårlege vanane som det tidlegare monopolet skapte.
Tilhøvet til folk blir noko meir ledig, og prega av normale
mellommenneskelege tilstandar. Dei har lagt seg kraftig i selen for å bli
"moderne". Dei har til og med sparka ut Gates og lagt om til Linux på
Intranettet sitt.

Eg har ingen problem med å forsvare France Telecom og annan "service
public". Det å arbeide for å styrke og å gjera offentlege tenester betre
er ikkje mindre ei prinsipp- og kampsak no, enn det har vore tidlegare.
Dette er også ei viktig sak for Attac og andre liknande organisasjonar:
http://www.attac.org/fra/list/doc/khalfa2en.htm
http://www.globenet.org/aitec/chantiers/sp/gtsp.htm

Det kan hende Frankrike er eit unntak i Europa, mindre øydelagt av den
liberale vinden. Staten er framleis ein hjørnestein. Og det finst stendig
glitrande døme på at statleg drift ikkje berre er mogleg, men også gir
ypparlege resultat. Neste søndag t.d., om lag 20 år etter opninga av den
første TGV-linja Paris-Lyon, opnar den nye TGV Méditerranée - ein kan
reise frå Gare de Lyon i Paris til Gare St-Charles i Marseille på 3 timar
til 8-900 franc tur-retur:
http://www.radio-france.fr/reportage/archives/fiche.php?article_id=170291

Det var mykje strid om byggjinga av denne jarnvegen, og han blei noko meir
svingute enn SNCF hadde tenkt seg i utgangspunktet. Men slik er
demokratiet når det fungerer. Miljøvernarar reiste kampen og resultatet
blei akseptabelt for alle, rett nok tre gonger dyrare enn det som var
budsjettet i byrjinga.

Kampen er ikkje over. Det liberale presset er nokolunde permanent, men det
er mobiliseringa på den andre kanten også.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : 03-08-01 MET DST